Avdelingssjef kirurgi - Klinikk Ålesund sjukehus
Org. nr: - Stillingsident: 4243202173 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer ein avdelingssjef med engasjement for å vidareutvikle spesialisthelsetenesta til innbyggarane i Møre og Romsdal. Avdelingssjef for kirurgi skal medverke til at Helse Møre og Romsdal når strategiske mål ved å bidra til utvikling og styrking av det kirurgiske fagområde.
Klinikk Ålesund sjukehus består av tre avdelingar. Avdeling for kirurgi består av fleire seksjonar og dekkjer fagområda gastrokirurgi, urologi, bryst/endokrinkirurgi, karkirurgi , kjevekirurgi, øye, ØNH, ortopedi, samt sengepostar, dagbehandling og poliklinikk. Avdelingssjefen er saman med dei andre avdelingssjefane ein del av leiargruppa i klinikken, og skal ta eit heilheitleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Leiarerfaring frå helsetenesta
- Relevant yrkeserfaring og god fagleg innsikt og kompetanse i dei aktuelle fagområda
- Ein oppmoder legar til å søkje
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, reflektert og har evne til å bygge relasjonar
- Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar
- Du er endringsvillig og handlekraftig og kommuniserer på ein måte som inspirerer og motiverer andre
Vi tilbyr
- Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenesta til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal.
- Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår, inklusive gode pensjons- og forsikringsordningar Andre opplysningar
- Skal kunne framlegga tilfredsstillande politiattest
- Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og tek kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje
Kontaktinformasjon
Elisabeth Siebke, Klinikksjef , 908 08 184, Elisabeth.Siebke@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4243202173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal