Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % fast stilling, Skjerma avd.
Omtale av arbeidsstaden
Skjerma avdeling har 21 plassar for personar med demens, delt i 3 mindre grupper med ein felles avdelingsleiar. Dei tilsette i avdelinga samarbeider tett. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, og håpar fleire vil bli ein del av dette miljøet.
Kort om stillinga
Ledig 100% fast stilling som autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
Ledig frå 1. september 2019.
Arbeid i turnus på dag/kveld og kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
" Utøve sjukepleie og miljøterapi til avdelingas pasientar
" Tilrettelegging under måltid, stell og pleie, samt andre oppgåver i avdelinga.
" Journalføring og dokumentasjon
" Ansvarleg fag/primærkontakt for ei pasientgruppe
" Legemiddelhandtering
" Rettleiing og opplæring av nytilsette, studentar og elevar
" Samarbeid med pårørande, medarbeidarar, lege og andre samarbeidspartnerar.
Krav til utdanning og ønskja kvalifikasjonar
" Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
" Fagleg dyktig og engasjert
" Evne til å samarbeide men også til å jobbe selvstendig.
" Gode kommunikasjonsevner
" Fleksibel og omstillingsdyktig
" Opptatt av tverrfagleg samarbeid
" Gode datakunnskaper
" Initiativrik og løsningsorientert
" Vise respekt og raushet
" Erfaring med miljøterapeutisk arbeid, spesielt til pasientar med kognitiv svikt og innan alderspsykiatri
" Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Anna
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Dei som vert innkalla til intervju må ta med seg CV og rettkjend kopi av vitnemål, attester og autorisasjon.
Særskilt for stillinga
Krav om politiattest.
E-læringskurset for nytilsette skal gjennomførast før oppstart i stilling.
Vi tilbyr
" Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
" Todelt turnus med eigne nattevakter
" God pensjonsordning gjennom KLP
" Rettleiing
" Høve for fagleg utvikling
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknad sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Om bedriften
Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 6600 innbyggjarar, administrasjonsspråket er nynorsk. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid. Vi er også midt i en spennande førebuingstid med hensyn til kommunesammenslåing i 2020 med Sauherad kommune.