Sjukepleiar, 100 % fast stilling
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi søkjer etter sjukepleiar til 100 % fast stilling i turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 01.06.2020.
Om Knarvik sjukeheim
Knarvik sjukeheim er ein av fire sjukeheimar som frå 01.01.20 er samorganisert i eitt tenesteområde i Alver kommune. Tenesteområdet sjukeheimar består og av sentralkjøkkenet og ressursbank. Kvar avdeling vert leia av avdelingsleiar. Knarvik sjukeheim består av tre sjukeheimsavdelingar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Knarvik sjukeheim skal du utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie, og behandle bebuarane ved sjukeheimen. Du vil vere med i organisering av det daglege arbeidet i di avdeling, og veilede studentar og anna helsepersonell.
Kompetanse
Vi søkjer ein sjukepleiar med eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil være med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kollegaer.
- Du må være autorisert sjukepleiar
-
- års sjukepleiarstudentar kan og søkje, tilsetting då med atterhald om autorisasjon
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Du arbeidar godt sjølvstendig og i samarbeid med andre, og er ein god rollemodell i tverrfagleg samanheng. I tillegg bidrar du til godt samarbeid med pårørande og andre. Vi ønskjer at du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, samt norsk autorisasjon som sjukepleiar. Det er ønskjeleg med B2-test for søkjarar som er utdanna utanfor Norden. Du har gjerne relevant vidareutdannig, t.d. i eldreomsorg/geriatri. Vi oppmoder menn til å søkje, då vi ønskjer fleire mannlege kollegaer.
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk.
Slik søkjer du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Silje Marita Strand Skauge, Tlf: +47 462 80 004, Epost: silje.marita.strand.skauge@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.