Erfaren lønnsmedarbeidar
Om stillinga
Vi leverer lønnstenestene utbetaling, rapportering og refusjon frå ei avdeling med nær 40 engasjerte medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Ved opptak av nye kundar, tenesteutviding og utvikling av ny teknologi stiller vi med fagressurser. Vi er ein del av DFØ sin lønnsdivisjon og leverer lønnstenester til statlege verksemder ved bruk av mellom anna SAP. Tenestene våre når 200 000 mottakarar, som svarar til nær 90 % av dei som får lønn eller honorar i staten. Vi held til i fine lokale i Stavanger sentrum og er i dag over 240 medarbeidarar i eit fagleg sterkt miljø med høg trivsel.
Vi er eit av dei mest effektive tenestesentra i Europa og arbeidar kvar dag for betre leveransar. Det gjer vi med hjelp av automatisering og ny teknologi. Dette året utvidar vi tilbodet vårt til også å omfatte HR-system.
Nå søkjer vi etter ein spesialist innan SAP lønn, som vil arbeide med drift, prosjekt og utvikling, og som er interesserte i ny teknologi.
Du vil jobbe med:
Arbeidsdagen er variert og inkluderer:
- prosjekt- og utviklingsoppgåver
- fag- og systemoppgåver innanfor SAP-lønn
- fagleg brukarstøtte og -rettleiing til statlege verksemder
- deltaking i faggrupper
- presentasjonar og opplæring internt og for kundar
Kvalifikasjonane dine:
Til denne stillinga må du ha:
- relevant utdanning på minimum bachelornivå eller likeverdig realkompetanse
- erfaring med SAP lønn på avansert nivå, gjerne også erfaring frå prosjektarbeid og/eller prosjektleiing erfaring med å ta opp nye kundar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god teknologisk forståing og IT-interesse
Personlege eigenskapar
Du tek initiativ, har godt humør, og trivst i eit uformelt miljø der kunnskaps- og kompetansedeling er ein føresetnad for å lukkast. Du evner å kombinere høg fagleg standard og presisjon med god serviceinnstilling. Du har høg fagleg integritet, ønskjer å utvikle deg over tid og er endringsvillig.
Vi tilbyr
- spanande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag – hos oss er du med på å bidra til effektiv ressursbruk i staten
- eit stort fagmiljø med dyktige medarbeidarar, moglegheiter for relevante kurs og sertifiseringar
- ein stabil arbeidsgjevar med fleksibel arbeidstid (inkludert sommartid), gode velferdsordningar og moglegheit for trening i arbeidstida
- lyse og moderne lokale i Mediegården i Stavanger sentrum
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). DFØ trekk 2 prosent av lønna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du også særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad
Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen. Stillinga er plassert inn som rådgjevar med lønn frå kr. 468 300 til 594 300 per år, avhengig av kompetanse og erfaring. Ved tilsetjing er det prøvetid på 6 månader. Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram ein utvida politiattest før tilsetjing.
Mangfald i DFØ
I DFØ trur vi at mangfald gir oss fleire bein å stå på, breiare perspektiv og dermed evne til å handtere utfordringar på ein betre måte. Vi er sikre på at medarbeidarar med ulik livserfaring og ulike fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å løyse oppdraga våre på enda fleire gode måtar. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kan du bli positivt særbehandla om du krysse av for det når du søkjer på denne stillinga.
Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse kategoriane til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Vil du vite meir?
Dersom du vil ha meir informasjon om stillinga, kan du gjerne ta kontakt med avdelingsdirektør Kurt Harald Aase på telefon 909 21 315 eller seksjonssjef Margrethe Knudsen på telefon 454 32 040.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift hentar du frå Vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Hugs at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din oppfyller kriteria som er beskrivne i annonsen.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er gått ut. Om du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngi dette spesielt i søknaden. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge.
Om bedriften
Om oss
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for økonomistyring, gode grunnlag for avgjersler i for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, samt for innkjøp i offentleg sektor. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga og har ansvaret for forvaltinga og drifta av statsrekneskapen og statens konsernkontoordning.Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. Vi har om lag 680 tilsette fordelt på Oslo, Stavanger, Trondheim og Harstad. Les meir på dfo.no.