Miljøterapeut 100% stilling
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målgruppa er personar med rus/psykiske lidingar og psykisk utviklingshemma. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå.
Det er ledig 100% nyoppretta fast stilling som miljøterapeut med vidareutdanning. I utg.punktet er dette ei stilling med arbeid på dagtid, men det kan bli aktuelt med litt kveldsarbeid. Stillinga er meint å styrke det kommunale rusarbeidet i Stranda kommune, og vil bli utforma i nært samarbeid med mottakarar av tenesta og personale frå helsetenesta. Stillinga passar godt for deg som er interessert i fagfeltet og som er oppteken av å utvikle noko nytt. Har du utdanning og interesse frå idrett og friluftsliv er det ein fordel. Fysisk aktivitet og oppleving av mestring gjennom bruk av naturen og fjella i området er tenkt å vere ein sentral del av tilbodet.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Oppstart av nytt varig tilbod innan rusfeltet.
- Skape eit aktivt og variert tilbod for personar som ikkje har jobb, står i fare for å miste jobb eller ikkje har anna tilbod grunna vansker med rus/psykiske problem i nært samarbeid med brukarane
- Tverrfagleg samarbeid med andre interne og eksterne samarbeidspartar
- Eininga nyttar fagsystema Profil, Compilo og Sampro (I.P).
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning på bachelorniva med vidareutdanning i rus/psykiatri
- Interesse for og gjerne utdanning i friluftsliv og idrett
- Erfaring frå arbeid innan rus og psykiatri
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg er eit krav
- Førekort kl.B og mulegheit til å disponere eigen bil i tenesta mot godtgjersle etter staten sitt regulativ
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- God på relasjonsbygging
- Evne til å jobbe sjølvestendig
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelige og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass i endring og utvikling
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Muligheit til å påvirke eigen arbeidsdag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig lønn
Kontaktinformasjon
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, (+47) 46411059
Steinar Årberg, Fagleiar, (+47) 93474099
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenummer:4026100649
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 03.03.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir