Rettleiar sosiale tenester vikariat 100% - NAV Bømlo
NAV Bømlo kommune har frå 1.9.2020 ledig 100% vikariat som rettleiar sosiale tenester for perioden 1.09.2020 -- 31.08.2021. Vil du vere med å gje menneske moglegheiter?
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter lov om sosial tenester i NAV som ein del av heilskapleg oppfølging av personar som har behov for økonomisk sosialstønad.
- Kartlegge, avklare og fylgje opp søkjarar.
- Bygge relasjonar med arbeidsgjevarar og tiltaksarrangørar.
- Finne løysingar i samarbeid med arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar som gjer at fleire kjem i løna arbeid.
- Økonomisk rådgjeving.
- Stillinga medfører stor grad av sjølvstende og ansvar, og ein har moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
- Endringar må påreknast ut frå verksemda sine behov.
Krav til kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet med vekt på rettleiing, relasjonsarbeid, juridisk metode, sosialt arbeid, pedagogikk og økonomi. Anna relevant utdanning vil bli vurdert.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå marknadsarbeid.
- Handlings- og løysingsorientert innstilling, evne til å halde fokus, jobbe sjølvstendig og strukturert.
- God juridisk forståing og kunnskap om privatøkonomi, samt evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og kriser.
- God digital kompetanse og norskkunnskapar.
Personlege eigenskapar:
- God på å bygge relasjonar og skape motivasjon.
- Serviceinnstilt, målretta, strukturert og effektiv.
- Evne til å være fleksibel, løysingsorientert og trivest med allsidige oppgåver.
- Du må like å ha det hektisk i arbeidskvardagen, og takle uføresette situasjonar.
- Personlege eigeskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
- Løn etter avtale (tariff).
- God pensjons- og forsikringsordning.
- Bedriftshelseteneste.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Eit levande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege arbeidskollegaer. Dersom søkjar ynskjer å reservere seg frå offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søker har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren blir varsla dersom reservasjon ikkje vert teke til følgje. Kontaktpersonar Sosialfagleg ansvarleg: Synne Halleraker - 918 07 383 Avdelingsleiar:Elisabeth Haugen - 911 25 279