Lærlingstillingar: Helsefagarbeidar og barne - og ungdomsarbeidar
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4349755434 Presentasjon av stillingen:
Vestre Slidre kommune 3 ledige lærlingplassar frå august 2021, derav to stillingar som helsefagarbeidarlærling og ein stilling som barne - og ungdomsarbeidarlærling.
Kommunen har dyktige leiarar og rettleiarar, lang erfaring som lærlingbedrift og vil gi deg som lærling god og allsidig opplæring i faget.
Arbeidsoppgaver
Ber om at du spesfisera i søknaden kva fagretning du søkjer lærlingplass i, helsefag eller barne - og ungdomsarbeidar.
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 og VG2 innan helsearbeidarfag/barne - og ungdomsarbeidarfag
Gyldig politiattest må framleggast ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Open og positiv
- Sjølvstendig og ansvarsbevist
- Fleksibel og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
Lærling blir mellombels tilsett for ein 2-års periode. Tilsetting skjer elles på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Kontaktinformasjon
Gunhild Røyne, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 95149595, gunhild.royne@vestre-slidre.kommune.no
Stine Mari Skrindsrud Nordaas, Kommunalsjef Helse og Omsorg, 99539117, stine.mari.skrindsrud.nordaas@vestre-slidre.kommune.no
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar Pleie og omsorg, 97592703, Hanne.Karstad@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidssted
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4349755434
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 16.08.2021
Søknadsfrist: 21.03.2021
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.