Undervisningsstilling matematikk
Org. nr: 989630008 Stillingsident: 4259981632 Presentasjon av stillingen:
Skulen har om lag 600 elevar. Vi tilbyr
programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design
og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært
opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer
studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi
tilbod om kvardagslivstrening, arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning.
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert
plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode
busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere
framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile
tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep.
Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få
kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god
oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god
kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt
samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng. Den som skal tilsettast må legge fram politiattest
Personlege eigenskapar
er målretta, systematisk og løysingsorientert
er positiv, initiativrik og engasjert, og som har gode kommunikasjonsevner
set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
eit aktivt og stimulerande fagmiljø
ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Helene Systad, rektor , 92252093
Bengt Håkon Lund, ass. rektor , 40105611
Arbeidsstad
Olsvikåsen 152
5183 Olsvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4259981632
Stillingsprosent: 48%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 15.01.2021
Søknadsfrist: 24.07.2020