Er du vår nye miljøarbeidar?
Straumsfjellet avlastning søkjer ny medarbeidar i 50 % fast stilling.
Straumsfjellet avlasting er ein avlastingspustad. Det er erstatningsheimen til dei som er inne til avlastning. Brukarane har store og samansette utfordringar. Dei fleste har eit dagtilbod i form av skule eller arbeid. Det blir tildelt tenester to gongar i året. Bustaden er tilrettelagt for fysisk funksjonshemma og ligg sentralt på Straume
Hovudoppgåver
- Dagleg omsorg og oppfølging av brukarane
- Stell og pleie
- Medisinhandtering
- Kontaktperson inn mot pårørande og andre samarbeidsinstansar
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vi tilbyr
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Treningsavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
Generell informasjon
Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linken <<SØK HER>>.
Pålogging og førhandsutfylling
Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.
Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.
Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.
Søknadsfrist
11.03.2019
Om bedriften
Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.