Ulvik herad søkjer etter barnehagelærar i Ulvik barnehage.
Det er ledig eit vikariat/mellombels stilling, fulltidsstilling, som barnehagelærar i barnehagen frå og med 15.08.2020 -- 14.08. 2021
Me tilbyr:
Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Fokus på godt pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen
Høve til fagleg og personleg utvikling i eit kreativt arbeidsfellesskap
Løn etter tariff
Me ønskjer:
Ein person med fokus på godt pedagogisk arbeid
Fagleg kunnskap og kompetanse i høve barn med særlege behov
Fagleg kunnskap og kompetanse i å leia barnegrupper og personale i pedagogisk arbeid
Ein person med evne til godt samarbeid på eiga avdeling, og på tvers av avdelingar.
Om bedriften
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og mykje meir! Du kan vitja vårt dokumentasjonssenter for Ulvik-forfattaren Olav H. Hauge. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Hent meir informasjon på vår heimeside.
Ulvik barnehage ligg to km frå sentrum, tett ved flotte friluftsområde.
Barnehagen har fire avdelingar, to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar. Barnehagen har 19 tilsette.