Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4216422978 Presentasjon av stillingen:
Satelittdialysa er ei lita eiining som held til ved Volda sykehus. Den er direkte lagt under dialyseavdelinga ved Ålesund Sykehus.
Vi har ledig sjukepleiarstilling ved Satelittdialysa i Volda frå snarast/etter avtale.
Interne omrokkeringar kan gi andre ledige vikariat.
Vi søkjer deg som er sjukepleiar/spesialsykepleiar og som brenn ekstra for pasientar med kroniske nyrelidelsar og oppfylgjinga av desse. Vi søkjer deg som er engasjert og som yt det lille ekstra for kollegaer og pasientar. Vi er ei fagleg sterk og teknisk anlagt avdeling med pasienten i fokus.
Kvalifikasjonar
- Bachelor innan sjukepleie
- Vidareutdanning innan nyrefaget vil verte prioritert
- Dialyseerfaring er ein fordel
- Kjennskap til dokumentasjonssystem
Personlege eigenskapar
- Godt humør
- Gode samarbeidsevne
- Svært god kommuniksjonsevne
- Fleksibel og resultatorientert
- Fagleg sterk og teknisk anlagt
- Gode datakunnskapar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gunstig turnus med arbeid kvar 3 helg
- Løn og tilsettingsvilkår etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Lise Grytten Blindheim, Seksjonsleiar, 70106314, lise.grytten@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4216422978
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.05.2020
Sluttdato: 31.08.2021
Søknadsfrist: 29.04.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal