SFO - leiar Spildepollen skule
Spildepollen skule blir ein heilt ny 1 - 7-skule med flotte moderne læringsareal både inne og ute. Skulen skal vere innflyttingsklar november 2019. Skulen kjem til å huse ca 190 elevar og 30 tilsette.
Vi har ledig 100 % fast stilling som SFO leiar frå og med 01.08.2019. Stillinga er tillagt både leiing og direkte arbeid med elevane på avdeling. Leiar av SFO har saman med rektor ansvar for at SFO vert driven i tråd med retningslinjer, vedtekter og målsetjingar.
Arbeidsoppgåver
- Organisere og leie arbeidet på SFO før og etter skuletid
- Delta aktivt i leiingsteam saman med rektor og avdelingsleiarar
- Ansvar for det pedagogiske arbeidet på SFO
- Administrativt arbeid
- Arbeidsleiar for assistentar og fagarbeidarar
- Syte for eit godt samarbeid mellom SFO og heim
- Leie møter for assistentar og fagarbeidarar
Kvalifikasjonar
- Førskule- eller barnehagelærar
- Pedagogisk utdanning eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Anna relevant utdanning og praksis kan vurderast
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Erfaring med SFO-arbeid og assistentarbeid i grunnskulen
- Ynskjeleg med leiarerfaring
- Ynskjeleg med kompetanse innan spesialpedagogisk arbeid
Personlege eigenskapar
- Strukturert, ansvarsbevisst og tydeleg
- Godt humør
- Fleksibel
- Høg arbeidskapasitet
- Relasjonskompetanse og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Høve til å få vere med til å byggje opp ein ny skule, ein skule som prioriterer kompetanseutvikling,læringsfellesskap, tverrfagligheit og eit utvida samfunnsansvar
- Høve til å vekse og utvikle seg i eit profesjonelt læringsfellesskap
- Variert arbeid i positivt miljø
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Linda Selheim, Rektor, 56327702
Arbeidsstad
Sund senter
5382 Skogsvåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sund kommune
Referansenummer:4024922521
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 10.03.2019
Om bedriften
.