LIS 3 - eit års vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4243233247 Presentasjon av stillingen:
Arbeidsgjevar har ansvar for spesialiseringsløpet. Delar av LIS 3-tenesta føregår på regionsjukehus, anten
ved HUS eller SUS.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstilande politiattest
(vandel), jfr Lov om helsepersonell §20a (gjeld arbeid med barn og
utviklingshemma).
Oppstart stilling: etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Barne og ungdomsavdelinga har spesialisthelsetenesteansvar for medisinsk utgreiing og behandling av barn i alder 0 til 16 år (18)
- Avdelinga si verksemd er ved sengepost, poliklinikk og ved seksjon for Habiliteringstenester til barn og unge
- Legar i spesialisering arbeider breitt og i stor grad sjølvstendig, under tilsyn og rettleiing
- Aktiv deltaking ved undervisning i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Må ha utdanning og norsk autorisasjon som lege
- Erfaring frå arbeid med barn og unge i barne og ungdomsavdeling vil bli føretrekt
Personlege eigenskapar
- Utadvent
- Strukturert
- God kommunikasjonsevne med barn og pårørande
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- LIS som ønskjer å bli spesialist i barnesjukdommar og som har erfaring frå arbeid i barne- og ungdomsavdelinga vil bli føretrekt
Vi tilbyr
- Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
- Langtidsplanlegging av arbeidstid, fråvær (som t.d ferie) og oppgåver
- Grundig opplæring
- Tett, tryggt og godt samarbeid med spesialist i barnesjukdommar, erfarne pleiarar og leiing
- Spennande og bredt fagområde der ein får prøve seg i praksis i mange forskjellige prosedyrer og situasjonar
Kontaktinformasjon
Solveig Horstad Berget, Avdelingssjef, (+47) 578 39 116
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4243233247
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.06.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.