Sjukepleiar 80% fast stilling - Bømlo bu og helsesenter
Bømlo bu og helsesenter har ledig fast stilling for sjukepleiar i 80% stilling, med høve for auke til 100%, frå 1. september 2019 eller etter avtale. Bømlo bu og helsesenter har 2 langtidsavdelingar og 1 korttid -- og rehabiliterings-avdeling, med til saman 71 pasientar. Ved BBH vil du få mange gode kollega som er med å skape gode dagar for våre pasientar, høg fagleg kompetanse med evne til å sjå den enkelt pasient.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie, eller andre med relevant høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar:
- Er fleksibel og har evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
- Ser moglegheitar og er open for endring
- Gode samarbeids -- og kommunikasjonsevner
- Er ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert
- Har stor arbeidsglede og trivest med eit høgt arbeidstempo
- Kan bidra med til faglag og tverrfagleg samarbeid
- Bidrar til eit godt og positivt arbeidsmiljø
Me tilbyr:
- Triveleg, trygg og god arbeidsplass med gode kollega
- God opplæring og oppfylging
- Trygge arbeidsvilkår
- Gode pensjonsordningar
Generelt:
- BBH har årsturnus, og stillinga inneber turnus med arbeid minimum kvar 3. helg.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Løns-- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov-- og avtaleverk.
Kontaktperson: Avd.spl. Anna Iren Stavland - 53 42 34 04