Lærar i norsk
Stillingsannonsen er inaktiv.DALE VGS, Vestland fylkeskommune
Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord
Org. nr: 974571137 Stillingsident: 4216090603 Presentasjon av stillingen:
Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler kommune. Skulen tilbyr Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknikk og industriell produksjon, Industriteknologi og Påbygging. Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag ca. 200 elevar og 45 tilsette ved skulen. Visjonen vår er <>. Sjå heimesida vår: www.dale.vgs.no
Fast undervisningsstilling i NORSK ved Dale vgs
Arbeidsoppgåver
Som norsklærar kan ein ved Dale vgs undervise på Vg1-Vg3 studiespesialiserande, Vg3 påbygging og Vg1-Vg2 yrkesfag. I tillegg kan ein også få kontaktlærarfunksjon. Ein kombinasjon med andre undervisningsfag er aktuelt, t.d. religion, tysk, engelsk, historie.
Undervisninga i norsk skal vere i tråd med læreplanen, sjå læreplanar under Udir.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.For å ha undervisningskompetanse i vgs må ein ha minimum 60 studiepoeng i faget, og for å bli fast tilsett som lærar må ein i tillegg ha praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dersom ein ikkje har PPU, må ein vere klar til å gjennomføre dette studiet.
God formuleringsevne i nynorsk og bokmål er nødvendig.
Vi er først og fremst på jakt etter ein lærar med master i nordisk/norsk.
Det er ein fordel med undervisningserfaring frå vidaregåande skule og at ein kan vise til kompetanse innanfor IKT. Søkjar bør ha god kjennskap til bruk av digitale læremiddel.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert lærar som har evna til å motivere og byggje gode relasjonar til elevane. Skulen er oppteken av god vurderingspraksis og har fokus på at elevane skal få gode framovermeldingar i faga. Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og gi elevane oversiktlege arbeidsplanar. I tillegg har vi ei forventning om stor samarbeidsvilje og -evne, både i fagteamet og med kollegiet ellles.
Vi tilbyr
-
eit aktivt og stimulerande fagmiljø
-
nært samarbeid med kollegaer
-
god delingskultur
-
mentor til nye lærarar
Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Gro Fivelsdal, rektor , 57637002
Arbeidsstad
Jarstadvegen 28
6963 Dale i Sunnfjord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4216090603
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
DALE VGS, Vestland fylkeskommune
Adresse
Trolleskaret, 6963 Dale i Sunnfjord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 18. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4216090603_DALE VGS, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: b1088583-bec5-47e8-b94a-fc9805a2fc33