3 faste helsefagarbeidarstillingar i 80 - 100 % - nyoppretta ressursenhet
Beskrivelse
Til vår nye ressursenhet søker vi etter tre helsefagarbeidarar i 80-100% stilling. Ressursenheten er underlagt tenesteområde Pleie og omsorgstenester som er lokalisert på Sundheim Bo- og Treningssenter (Vinstra). Dei nyoppretta stillingane skal fungere som "faste vikarar", for å dekke planlagt og uforutsett fråvær innafor dei institusjonsbaserte tenestane. Som tilsett får du fast stilling og inngår i ein turnus med dag og ettermiddagsvakter, og helgevakter kvar tredje helg. I tillegg får du ei ekstra helg på 12 veker. For dette utbetales ein kompensasjon / personleg lønstillegg på kr. 10 000 pr. år.
Turnusen vil være forutsigbar, men arbeidsstad vil variere mellom avdelingane etter behov.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som helsefagarbeidar ved Skjerma avdeling og Langtidsavdeling.
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller helsefagarbeidar
- Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og evne til å ta imot raske beskjeder
- Evne til å takle høgt arbeidstempo og uforutsette situasjonar
- Høg omsorgsevne og glad i å jobbe rundt og med menneskjer
- God mellommenneskeleg forståelse og tilnærming i møte med folk
- Sjølvstendig, strukturert og gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar for stillingane vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
- 80 - 100% fast stilling i en framoverlent kommune med god økonomistyring, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig løn
- Hjelp med å finne bustad
- Flyttegodtgjersle
- Barnehageplassgaranti
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.