Museumsvert
Stillingsannonsen er inaktiv.Musea I Sogn Og Fjordane, Kystmuseet I Sogn Og Fjordane
FLORØ
KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE
LEDIG STILLING SOM
MUSEUMSVERT
Arbeidsoppgåver:
· Museumsbutikk
· Merkantile oppgåver
· Publisere på digitale plattformer
· Mottak av besøkande
· Noko formidlingsoppgåver
Kvalifikasjonar:
· Røynsle frå kontorarbeid og fyrstelineteneste
· Ønskeleg med interesse for museums- og kulturvernarbeid
· God munnleg- og skriftleg framstillingsevne
· Gode data- og språkkunnskapar
Personlege eigenskapar
· Serviceinnstilt
· Målretta og strukturert
· Gode samarbeidsevne
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tlf.95801708 .Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Søknad med CV sendast innan 09.04.2019 til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad << Museumsvert KSF>>
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Musea I Sogn Og Fjordane, Kystmuseet I Sogn Og Fjordane
Adresse
Brendøyveien, 6900 Florø
Hjemmeside
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med kontor på Sandane, har følgjande avdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Stiftinga har omlag 50 årsverk. Les meir om Musea i Sogn og Fjordane
Kort om Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Les meir om Kystmuseet i Sogn og Fjordane på heimeside.
Om stillingen
Stillingstittel
Museumsmedarbeider
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 10. april 2019
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: b0d57d2e-c13c-4e8d-87b9-af987140e3b2
Stillingsnummer: b0d57d2e-c13c-4e8d-87b9-af987140e3b2