Logoped
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Søker med dette vikar for logoped i 50-60 % stilling. Vikariatet er ledig frå snarast og til 31.05.2021. Vikariatet kan eventuelt verta forlenga.
Pedagogisk Psykologisk Teneste er sakkunnig instans når det gjeld vurdering av rett til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. PPT skal hjelpa barnehagar og skular med å leggja til rette for barn og elevar med særskilte behov. Tenesta skal støtta barnehagar og skular i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å fremja inkluderande og tilpassa opplæring og eit godt læringsmiljø for alle. Føremålet er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
PPT Samnanger er oppteken av førebygging og tidleg innsats og ønskjer å jobba ut frå ei systemretta og heilskapleg forståing.
PPT Samnanger er eit lite kontor der deler av logopedstillinga omhandlar utøvande logopedverksemd, og det er i hovudsak dette ein no ynskjer vikar for.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsområdet er barn og vaksne med språk -- og talevanskar
- Arbeidsoppgåvene er i hovudsak utøvande logopedverksemd/behandling, men utgreiing av språkvanskar og rettleiing i høve tiltak er også aktuelt
Kvalifikasjonar:
- Godkjent utdanning som logoped på masternivå
Personlege eigenskapar:
- Du er strukturert og kan arbeide sjølvstendig
- Du er fleksibel og set deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Du kan planlegge og gjennomføre logopedisk behandling, samt rettleie i høve gode tiltak i det ordinære
- Du meistrar digitale system for kommunikasjon og dokumentasjon
- Du har høg arbeidskapasitet
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er ein god relasjonsskapar
Me tilbyr:
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Samnanger kommune, Kari Kallevik Hjartnes, Tlf: +47 56587438, Mobil +47 48955854, Epost: kari.kallevik.hjartnes@samnanger.kommune.no
Om bedriften
Samnanger kommune ligg mellom Bergen og Hardanger og er ei naturperle som inviterer deg til inspirasjon både på fjorden og i fjellet. Med våre 2 503 innbyggjarar har me èin barneskule, èin ungdomsskule, to kommunale barnehagar og èin privat. Samnanger har òg ny sjukeheim, nytt senter for funksjonshemma og nytt bibliotek. Kommunehuset i Samnanger ligg mellom 20 og 50 minuttar frå sentrum i kommunane Bergen, Bjørnafjorden, Vaksdal, Osterøy, Kvam og Alver.