Mellombels stilling kommunikasjonssenter - NAV Økonomiteneste
Org. nr: - Stillingsident: 4390818499 Presentasjon av stillingen:
NAV Økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 14 000 tilsette. NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 90 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
I samband med pågåande strategiprosess er eit av våre satsingsområder ei vidareutvikling av ØT sitt kommunikasjonssenter. I tillegg har ØT ei viktig rolle i å implementere fleire nye økonomiløysingar på driftsområdet i heile etaten dei næraste åra. Vi skal no styrke vårt miljø med ei midlertidig stilling som jobbar med kundehenvendelsar og informasjons- og opplæringsaktivitetar.
Arbeidsoppgaver
Kommunikasjonssenteret er organisert i seksjon for Fagstøtte. Vi er brukarstøtte for tilsette i etaten og leverandørar knytt til fagområda rekneskap, faktura og lønn. Vi hjelper kundane både på telefon og via digitale kanalar. Vi jobbar kontinuerleg med utarbeiding av informasjon- og opplæringsmateriell på våre område.
- Vere med å planlegge og gjennomføre aktivitetar som sikrar at ØT sin kommunikasjon og opplæringstilbod er tilpassa kundane sine behov
- Produsere innhald og publisere i eksisterande kanalar som intranettet, Teams, Yammer, webinar etc
- Besvare kundehenvendelsar via telefon og digitale kanalar
- Bidra til å vidareutvikle ØT sitt opplærings- og kommunikasjonsarbeid, t.d. gjennom å utnytte mogelegheitene i ny teknologi
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, gjerne innan media/kommunikasjon, samfunnsfag eller økonomi
- Relevant erfaring innan kunderservice og kommunikasjon er ønskjeleg
- God munnleg, skriftleg og visuell framstillingsevne på norsk
- Kunnskap om kundeanalyse
- Kjennskap til løns- og regneskapsområdet vil vere ein fordel
- God og oppdatert kunnskap om bruk av teknologi og kanalar/verkemiddel i kommunikasjonsarbeid
Personlege egenskaper
- Serviceinnstilt
- Evne til å samarbeide godt med andre, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig
- Engasjement for kommunikasjon og formidling
- Kreativ, positiv og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit godt, inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande oppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
- Lønn som rådgjevar i lønnsspenn kr 466 500 - 516 400 brutto pr. år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare avlønning vurderast
- For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare avlønning vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Arbeidsstad er i utgangspunktet Leikanger, men vi kan også vurdere ein fleksibel arbeidsplass.
Kontaktinformasjon
Torill Skårhaug, Seksjonsleiar fagstøtte, 91521263, torill.skarhaug@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4390818499
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2021
Sluttdato: 31.08.2022
Søknadsfrist: 31.05.2021
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling