Lege i spesialisering innan endokrinologi
Org. nr: - Stillingsident: 4239474214 Presentasjon av stillingen:
Medisinske legar ved Volda sjukehus søker Lege i spesialisering (LIS) innan spesialiteten endokrinologi frå 13.07.2020.
Stillinga er fast og dersom det vert intern tilsetting vil det bli ledig vikariat. Seksjonen er då interessert i legar som ønskjer spesialisering i lungemedisin, geriatri og indremedisin, og som ønskjer å arbeide ved sjukehuset i Volda i år framover.
Medisinsk avdeling i Volda har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering. Avdelinga har spesialister i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri og endokrinologi. LIS 2/3-leger deler sekundærvakta i 8- delt vakt. Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Seksjonen har også LIS1-legar og studentar frå NTNU.
LIS 2/3-leger roterar på dei ulike gruppene på sengeposten og deltek i poliklinisk arbeid både innanfor generell indremedisin og innanfor greinspesialiteten.
Vi tilbyr eit hyggeleg kollegium, aktiv internundervisning, høve for opplæring i eit stort utval av indremedisinske prosedyrar.
Det er også attraktivt å arbeide i Volda pga følgjande:
- Volda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med Høgskulen i Volda.
- Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord og såleis har vi ein bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 65 000 innbyggjarar.
- Det er gode kommunikasjonar som t.d. Ørsta/Volda Lufthamn med fleire daglege flysamband til Bergen og Oslo.
- Sjukehuset ligg også sentralt til i høve til Hjørundfjorden og dei ville, vakre Sunnmørsalpane. Området vårt ei godt eigna til fjord- og fisketurar og fjellturar gjennom heile året. Til dømes byr dei majestetiske Sunnmørsalpane på alt frå enkle ruter og oppmerkte stigar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar, og ikkje minst fantastiske toppturar på ski.
- På Søre Sunnmøre er det også eit særs blomstrande kulturliv.
Arbeidsoppgåver
- Akuttmedisin/mottaksarbeid
- Visittgang sengepost
- Polikliniske konsultasjonar
- Deltaking i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer oss ein lege med erfaring frå indremedisinsk avdeling og som ønskjer spesialisering i endokrinologi
- Norsk lege autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein medarbeidar med gode faglege kvalifikasjonar, engasjement og arbeidsglede, som ønskjer å bidra til å gi eit godt fagleg tilbod til pasientane.
- God kompetanse, god kommunikasjon, samarbeidsevne og positive haldningar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver, i eit godt fagmiljø med trivelege kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Samhandling med mange fagmiljø internt og eksternt
- Spanande og variert arbeid
- Medlemsskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Randi Revheim, Seksjonsoverlege, Randi.Revheim@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4239474214
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal