Undervisningspersonell Askvoll skule
Org.nr.: NO 964968330 MVA Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Askvoll skule er ein 1-10 skule med om lag 170 elevar og i underkant av 40 tilsette, og ligg i kommunesenteret i Askvoll kommune. Askvoll skule har vore gjennom ei omfattande fornying av bygningsmassen. Skulen deltek i satsinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" og har spesielt fokus på læringsmiljøet.
Vi har frå 01.08.19 ledig inntil 4 heile undervisningsstillingar - vikariat for skuleåret 2019/20.
Arbeidsoppgåver:
Skulen søkjer lærarar som kan undervise på barnesteget, 1. - 7. klasse.
Kvalifikasjonar:
- allmennlærar, men andre med godkjent pedagogisk utanning kan og søkje
- ønskjeleg med brei undervisnignskompetanse - mellom anna engelsk, norsk, matematikk og spesialundervisning
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som er
- engasjert og målretta
- fleksibel
- lagspelar og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tydeleg og kan motivere
- interessert i å utvikle seg sjølv og arbeidsplassen og evnar god klasseleiing
Vi tilbyr løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Tilsetjings skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Pensjonsmedlemsskap i Statens Pensjonskasse. Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: Askvoll skule, Oddgunn Keilegavlen Grane, Tlf: +47 57733302, Mobil +47 97505028, Epost: oddgunn.keilegavlen.grane@askvoll.kommune.no
Om bedriften