Vernepleiar - fast 100% stilling ved Surnadal sjukeheim
SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FAST 100% STILLING FOR VERNEPLEIAR.
Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:
Surnadal sjukeheim har 61 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, ei avdeling for personar med demenssjukdom og ei korttidsavdeling med observasjonspost.
Vernepleiestillinga er lagt til avdelinga Kåret, ei skjerma avdleing for menneske med demens.
Vi har stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene som gir auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- velferdsteknologi
- refleksjon
- aktivisering
Arbeidsområde:
- utøve vernepleie ved sjukeheimen
- delta i utviklingsarbeid
- aktiv deltaking i faglege beslutningar
- veiledning av kollegaer og studentar
- vere med og planlegge aktivitetar for pasientane
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeide med pårørande og andre aktørar vi samarbeider med
- ivareta rapportering i samsvar med gjeldande rutiner for dette
Det er viktig at du kan kommunisere godt på norsk både muntleg og skriftleg med tanke på best mogleg dialog og god og tilfredsstillande dokumentasjon.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Surnadal Sjukeheim har pr i dag 61 institusjonsplassar med langtidsavdelingar, demensavdeling og korttidsavdeling. Det er knytt ein observasjonspost til korttidsavdelinga, der vi m.a tek i mot pasientar som kjem frå sjukehus, palliative pasientar og andre med behov for sjukepleiefagleg hjelp i institusjon.
Vi er ein aktiv sjukeheim der kvalitetssikring av tenestene og heilheitleg pasientforløp har fokus.
Fagutvikling og kompetanseheving er kontinuerlege fokusområde. Vi driv mykje internundervisning og har eigen fagutviklingssjukepleiar, samt eiga kvalitetsgruppe. Vi har spesialkompetanse innan både palliasjon, psykisk helse, sårbehandling, demens- og kreftomsorg. Vi jobbar med kompetanseplan og det å sikra mangfald i kompetansen i åra som kjem for å møte fleire brukargrupper og med komplekse helsetilstandar, i tråd med samhandlingsreformen. Vi har, saman med Heimetenesta, hatt samarbeid med Den Norske kirke, med prosjektarbeidet «Samhandling på siste vakt», der åndelege behov i livets sluttfase står sentralt. For dette arbeidet har vi vunne etikkpris, og midlane brukast m.a til refleksjonsarbeid i personalgruppa.
Vi praktiserer stille rapport for best muleg kvalitet i dokumentasjon og rapport, og vi har primærkontaktfunksjon for våre pasientar. Døgnrytmeplana vår er tilrettelagt for aktiviteter med pasientane, og vi har eigen trivselvertrolle i avdelingane. Vi har både innandørsaktivitetar og utandørs, m.a dans, innebandy og sang som faste aktiviteter for pasientane. Ellers kan det vere baking, spel, bingo, ut på turar og meir til etter pasientane sine ønskje. Vi har og eit SPA-rom der pasientane kan få massasje og hudpleie. Vi brukar vår eigen Kafé Heimen som ein av møteplassane for både aktiviteter og sosialt samvær.
Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde for kommunen, og vi ønskjer å tileigna oss gode løysingar retta mot sjukeheimsdrift også i åra som kjem.
Godt arbeidmiljø er viktig for oss, vi meiner at å ha det greit på arbeid er ei forutsetning for godt pasientarbeid og samarbeid i personalet. Målet er god trivsel, og å førebyggja arbeidsrelatert fråvær. Vi ansvarleggjer alle ansatte for å medverka til eit godt arbeidsmiljø. Vi har ei eiga arbeidsmiljøgruppe der ulike arbeidsmiljøtema blir drøfta og tiltak vurdert. Vi tenkjer at involvering, inkludering, respekt og likeverd er sentrale verdiar for eit godt arbeidsmiljø.