Sunnmørsposten søkjer direktør for lokale mediehus
Stillingsannonsen er inaktiv.Sunnmørsposten AS
Røysegata 10, 6003 Ålesund
Org. nr: - Stillingsident: 4255844209 Presentasjon av stillingen:
Vi har ei spennande stilling ledig som direktør for lokale mediehus i verdas vakraste område. Sunnmørsposten eig direkte eller indirekte Sunnmøringen, Sykkylvsbladet, Vikebladet Vestposten, Vestlandsnytt, Møre-Nytt, Fjordingen, Fjordabladet, Fjordenes Tidende, Skjåk Mediautvikling (utgjevar av Fjuken), Vigga og Dølen. Samla har dei 11 lokale mediehusa eit opplag på 37.000 og driftsinntekter på 109 millionar kroner i 2019. Vår nye direktør får hovudansvaret for å vidareutvikle dei lokale mediehusa i samarbeid med konsernet, styret og den lokale leiinga. Vi søker etter deg som har klare tankar om korleis du vil bidra til å utvikle mediehusa og medarbeidarane inn i ei stadig meir digital framtid. Arbeidsstad er Ålesund, og stillinga vil innebere regelmessig reising.
Hovudoppgåver:
- Oppfølging og utvikling av lokale mediehus - korleis sikre posisjonen til lokale mediehus og bidra til å gjere dei enda betre for lesarar og annonsørar
- Oppfølging og utvikling av leiarar i lokale mediehus
- Leie og koordinere utviklings- og omstillingsprosjekt
- Sjå etter nye potensielle forretningsområde, inkludert oppkjøp og handtering av prosessar
- Være styreleiar for dei fleste av dei lokale mediehusa, styremedlem i resterande, i tillegg til å inngå i leiargruppe for Polaris Media Nordvestlandet og Sunnmørsposten
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Erfaring frå media er ein klar fordel
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan leiing. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Erfaring innan leiing
- Redaksjonell forståing og erfaring er ønskjeleg
- Klar forståing for medieutvikling og digitalisering
- Vere opptatt av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet
Personlege eigenskapar:
- Utviklingsorientert og initiativrik
- Samarbeidsorientert
- God forretningsforståing
- Strategisk og kommersiell
- God til å kommunisere
Vi kan tilby:
- Eit solid konsern i utvikling, der du får høve til å påverke verksemda sin strategi og eigen arbeidskvardag
- Meiningsfull jobb som skal sikre journalistikken og mediehusa si rolle i framtida
- Dyktige kollegaer i eit offensivt og utviklingsorientert miljø
- Fagleg og personleg utvikling
For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller rådgjevar Kristine Valen, tlf. 926 94 052. Du kan også kontakte administrerande direktør Harald H. Rise i Polaris Media Nordvestlandet, tlf. 926 85 528.
Vis di interesse for stillinga med å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir behandla konfidensielt -- også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: Snarest -- søknader blir vurdert fortløpande.
Tiltreding: Etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, 411 02 200
Kristine Valen, Researcher, 926 94 052
Arbeidssted
Røysegata 10
6003 Ålesund
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Sunnmørsposten AS
Referansenr.:4255844209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sunnmørsposten AS
Adresse
Røysegata 10, 6003 Ålesund
Sunnmørsposten er det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim, og når ut til nærmare 100.000 daglege lesarar på mobil, nett og papir. Sunnmørsposten konsern omfattar i tillegg 11 lokale mediehus. Selskapet er del av Polaris Media ASA, eit av Norges leiande mediekonsern. For meir informasjon, sjå www.smp.no og www.polarismedia.no
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. november 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4255844209_Sunnmørsposten AS_webcruiter
Stillingsnummer: afb7b06b-8d36-4ead-b37e-7bd3e284f659