Miljøarbeidar 100% fast, Rosendal ungdomsskule
Omtale av stillinga
Rosendal ungdomsskule er ein ny og moderande skule med kring 150 elevar og 25 tilsette.
Skulen driv eit aktivt arbeid for å inkludere alle i eit raust og godt ungdomsmiljø.
Hausten 2020 aukar vi innsatsen for å arbeide endå meir målretta med elevane sin sosiale kompetanse og psykiske helse.
I samband med dette vil vi tilsetje miljøarbeidarar som vil få eit stort ansvar for både utvikling av elevmiljøet og oppfylging av einskildelevar ved skulen.
Vi søkjer
miljøarbeidar i 100% fast stilling, men vil bli trekt 11% fordi stiilinga føl skuleruta.
Årsverket er komprimert og samanfallande med lærarane sitt arbeidsår, dvs 38 veker i elevane sitt skuleår i tillegg til 6 planleggingsdagar. Arbeidstid pr veke er 37,5 timar.
Arbeidsoppgåver
Viktige ansvarsområde i stillinga:
- Saman med sosiallærar å administrere og samarbeide med elevrådet, og å ta initiativ til og fylgje opp prosessar i elev- og klasseråda.
- Miljøarbeidar deltek i faste møte med sosiallærar og leiinga ved skulen om det strategiske arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø.
- Utvikle rom og aktivitetar i friminutta som er tilpassa alle elevane.
- Drive aktivt og oppsøkjande miljøarbeid. Samtalar med einskildelevar og grupper av elevar.
- Organisere leksehjelp eller anna aktivitet etter skuletid for elevar som treng det
- Oppfylging av elevar med høgt fråvær. Miljøarbeid både i heim og skule.
- Delta på møte med føresette, elevar, lærarar, leiinga og andre relevante samarbeidspartnarar
- Saman med lærarane utvikle tverrfaglege prosjekt med tema folkehelse og livsmeistring.
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring frå ungdoms- og miljøarbeid.
Manglande formalkompetanse kan bli kompensert ved god realkompetanse.
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagd.
Miljøarbeidar må ha eit stort hjarta og eit positivt og optimistisk syn på ungdom.
Vi ser etter ein person som er fleksibel og løysingsorientert i møte med krevjande utfordringar, og som aldri sluttar å leite etter vegen mot det gode livet.
Ungdomane våre treng ein trygg vaksen som kan vere både ein ven og ein rollemodell.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.