Gudbrandsdalsmusea søkjer ny direktør
Gudbrandsdalsmusea As Avdeling Otta
Vågå, Lesja, Lom, Skjåk, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Dovre, Hybridkontor
Om jobben
Er du Gudbrandsdalsmusea sin nye direktør? Vi søkjer ein offensiv lagspelar til å leie arbeidet med å vidareutvikle formidlinga og forvaltinga av levande kulturarv for vår tid i heile dalføret - i lag med eit breitt lag fagfolk.
Stillingstittel
Direktør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for musea si viktige samfunnsrolle og engasjement for lokal og regional historie, kulturarv og reiseliv.Du har gjerne erfaring med leiing frå kultur- eller museumssektoren, eit godt nettverk og relevant høgare utdanning. Samarbeid og samhandling står aller øvst på agendaen i Gudbrandsdalsmusea, både internt og med andre kulturaktørar.
Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar. Ein sterk fagperson som liker å motivere og spele andre gode, og sjølv dreg ein stor del av lasset. Drifta av museet omfattar eit godt samarbeid med dei tilsette, styret, eigarane, kommunane, friviljuge, fylkeskommunen, stiftingar med fleire. Du trivst med administrativt arbeid og økonomistyring, og kommuniserer tydeleg og effektivt.
Gudbrandsdalsmusea sin direktør blir tilsett i seks års åremålsstilling. Direktøren har fagleg og administrativt ansvar for utvikling av organisasjonen og alle menneskelege ressursar. Gudbrandsdalsmusea har 13 fast tilsette fordelt på avdelingar kring i heile Gudbrandsdalen, der du aktivt tek del. Som kaptein for eit breitt lag av fagfolk er di fremste oppgåve å spele tilsette og Gudbrandsdalsmusea gode - slik at kulturarven blir ivaretatt og formidla i eit omfang og på eit vis som er relevant for vår tid og har verdi for framtida.
KVALIFIKASJONAR:-
Relevant høgare utdanning innan museumsfaget, formidling, kulturhistorie og/eller arkivering
-
Erfaring med personalleiing, administrasjon og økonomi
-
Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
-
Førarkort klasse B
-
Inspirert og motiverande lagbyggjar
-
Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
-
Kjennskap til Gudbrandsdalen er ein fordel
Arbeidsoppgaver
Gudbrandsdalsmusea er inne i ei svært spanande utvikling, med ei mengd prosjekt, nye initiativ, samarbeidspartnarar og delvis omorganisering av verksemda. Noko som gir ny direktør stor moglegheit til å forme organisasjonen og eit godt lag. Vi er visse på at Gudbrandsdalsmusea har stort potensial for spanande utvikling og du som ny direktør mange oppturar i vente.
Gudbrandsdalsmusea sitt virkeFormidling og lokalt engasjement er grunnleggjande for Gudbrandsdalsmusea. Vi samarbeider tett med ei lang rekkje friviljuge lag, foreningar og miljø i regionen. Slik er hundretals av hender i arbeid, noko som skaper opplevingar, forankring, eigarskap og fellesskap for mange - og gjer kulturarven og Gudbrandsdalsmusea levande.
Gudbrandsdalen er regionen med flest freda hus i landet. Ein rik og unik kulturarv som Gudbrandsdalsmusea bidreg til å forvalte gjennom bygningsvernrådgjevar som gir mange eigarar hjelp og rådgjeving i arbeidet med bevaring og istandsetting - eller tilpassing av ny bygningsmasse til tradisjonell byggeskikk.
Gudbrandsdalsmusea tilrettelegg for vandrarar langs Gudbrandsdalsleden - pilegrimsruta gjennom dalen med ei rekkje overnattingsstader og besøkssenter.
Gudbrandsdalsmusea tek vare på titusenvis av historiske dokument, gjenstandar, bilete, film og lydopptak. Eit stort historisk material er tilgjengeleg for publikum gjennom to folkemusikkarkiv og fire avdelingar av Innlandsarkivet. Digitalt og fysisk hentar mange opplysningar frå arkiva til bruk i skulesamanheng og kulturhistorisk forsking og formidling.
Gudbrandsdalsmusea bidreg til berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom lokale prosjekt og tilbod som oppfyller konkrete internasjonale og nasjonale mål.
Vi tilbyr
I GUDBRANDSDALSMUSEA FÅR DU:-
Eit ope og triveleg arbeidsmiljø med kompetente kolleger
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein sentral og viktig kulturinstitusjon
-
Kontorstad ved Gudbrandsdalsmusea sine avdelinger
-
Fleksibel arbeidstid
-
God pensjonsordning i KLP
-
Fast 100% åremålsstilling i seks år
-
Løn etter avtale
-
Ein del reiseverksemd i og utanfor Gudbrandsdalen
-
Stillinga er omfatta av Offentligheitslova og søkarlista er offentleg
Om bedriften
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen med aktivitet i ni kommunar og ei rekkje avdelinger. Året rundt er Gudbrandsdalsmusea eit kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit stort og mangfaldig publikum.
Vern gjennom bruk er berande strategi for Gudbrandsdalsmusea sin forvaltning av levande kulturarv i heile dalføret. Musea driv besøkssenter, arkiv, samlingar og publikumsaktiviteter. Materiell og immateriell kulturarv blir ivareteke og formidla gjennom bygdemuseum, utstillingar, kurs, arkiv, magasin og foredrag.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2775930
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
af50644d-a9cf-47f8-88bc-6b7cb43daf0c