Studentkoordinator PASKON
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studentkoordinator
Det medisinske fakultet søkjer ein motivert student som ønskjer å vere fast koordinator som studentrettleiar i PASKON-faget i medisinstudiet. Ordninga går over delar av to semester, men koordineringsarbeidet går kontinuerleg i løpet av studieåret.
”Pasientkontakt” (PASKON), er ein del av undervisninga av førsteårsstudentane på profesjonsstudiet i medisin. Dette kurset er ein tidleg start på å få meir profesjonsutvikling inn i utdanninga. I faget møter studentane pasientar allereie frå første semester, og skal forsøke å forstå korleis det er å vere sjuk. Kommunikasjonsevne, empati, innlevingsevne og profesjonalitet er kvalitetar som er viktig i arbeidet som lege, det er viktig å starte utviklinga av dette allereie tidleg i studiet. Dette krev god oppfølging og rettleiing!
Arbeidsoppgåver:
100 timar pr år fordelt på:
- ta del i rekruttering og tilsetjing av rettleiarar
- arrangere obligatorisk opplæring av rettleiarar
- koordinering av grupper og studentane sine obligatoriske læringsaktivitetar
- kontinuerleg oppfølging av rettleiarar
- vere ansvarleg for at studentar får god rettleiing av sine rettleiarar (og tilbakemelding på sine refleksjonsnotat)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- for å søkje må du vere medisinstudent på 2. studieår eller eldre
- det er ein absolutt føremon at søkjar har erfaring med tilsvarande koordinerande arbeid
- evne til å koordinere fleire forskjellige oppgåver på ulike nivå
- gode pedagogiske ferdigheiter
- gode kommunikasjonsferdigheiter
Vi søkjer deg som
- likar organisatorisk arbeid
- ivrig etter å dele kunnskap og erfaring
- oppteken av pasientkommunikasjon og av kor viktig det er å sjå eit heilt menneske
- oppteken av medisinsk profesjonalitet
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- stillinga er timeløna som vit. ass. (kode 1019) i lønssteg 35. Stillinga har eit omfang på 5%
- du vil få attest etter fullført jobb
Søknaden skal innehalde:
Send søknad i form av eit motivasjonsbrev på maks ei side.
Generell informasjon:
Har du spørsmål? Utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte:
Professor Edvin Schei (edvin.schei@uib.no )
Studiekoordinator Kirsti Nordstrand (kirsti.nordstrand@uib.no , tlf 55585449)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.