Helsesekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4304380048 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100 % fast stilling for helsesekretær frå 01.01.2021 ved Poliklinikk psykisk helse DPS Molde. Vi søker primert helsesekretær, men annan sekretærkompetanse på vidaregående nivå kan bli vurdert.
Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar og 27 seksjonar.
Poliklinikk psykisk helse DPS Molde ligg under Avdeling for distriktspsykiatrisk senter, DPS Nordmøre og Romsdal.
Poliklinikken er delt i fleire ulike team: To allmenteam, Gruppeteam, ROP team, Fylkesdekkande spesialpoliklinikk for DBT og OCD/4 - dagars intensiv behandlingsteam og eit merkantilt team. Poliklinikken har også tilbodet "HelseIArbeid".
Poliklinikken har 40 fagstillingar; overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, nevropsykolog, psykomotorisk fysioterapeut, spesialergoterapeut, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Arbeidsstad vil vere Poliklinikk psykisk helse DPS Molde, Nøisomhedsvegen 12, 6407 Molde.
Geografisk ligg vi midt i smørauget i Norge. Molde er rosenes og jazzens by og eit eldorado når det gjelder alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Byen har mange kulturelle tilbod, bla. teater og jazzklubb. Molde by fornyar seg med bla. ny sjøfront og fleire spennande kafe` og spisestadar.
For meir informasjon om Molde:
https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Pasientservice i skranke og sentralbord
- Pasientadministrative oppgåver/postmottak og dokumentasjon
- Service og støtte til behandlarar i poliklinikken
- Samhandling med kommunale tenester, fastlegar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning og/eller praksis fra helsesektoren/psykisk helsearbeid
- Du må ha erfaring med pasientadministrative programvare/arbeid, MyW2Pas, EPJ.
- Det er ønskeleg med brei erfaring, eksempelvis innan psykisk helsevern eller rusfeltet
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, god munnleg og skiftleg framstillingsevne
- Å vere personleg eigna vert vektlagt
- Erfaring med relevante arbeidsoppgåver vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein strukturert, positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som kan arbeide sjølvstendig og i team
- Ein vil legge vekt på gode personlege eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Den som blir tilsett må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høve til deltaking i merkantilt forum ved Klinikk for psykisk helse og rus
- Eit triveleg miljø med engasjerte og erfarne medarbeidarar
- Spennande arbeidsoppgåver
- Arbeidstid på dagtid
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Kontaktinformasjon
Henning Nedberg, Seksjonsleiar, 936 36 396
Arbeidsstad
Nøysomhetsveien 12
6416 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4304380048
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal