HR-ansvarleg
Vi søker etter ein HR-ansvarleg til vårt hovudkontor. Stillinga har fast oppmøtestad i Volda. Ein må pårekne litt reising til våre ulike anlegg.
Stillinga er ein del av leiargruppa til A. Våge AS, med hovudansvaret for personal, lønspolitikk, HMT og rekruttering- og tilsettingsarbeid.
Arbeidsoppgåvene vil også omhandle prosjektstyring, mannskapskoordinering, godkjenning av timar, medarbeidarsamtalar, kurs- og kompetanseoversikt, helse, miljø og tryggleik.
Andre administrative oppgåver kan også inngå, og vi ser positivt på tilknytning eller erfaring frå bygg- og anleggsbransja, men dette er ikkje eit krav.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår i ei bedrift med hektiske dagar og spanande prosjekt.
Krav til kompetanse
- Relevant utdanning (HR, personal, administrasjon, eller tilsvarande)
- Erfaring kan erstatte kravet til utdanning
- Førarkort, minimum kl. B
Ønska kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Utviklingsorientert, handlekraftig og positiv
- Erfaring frå leiing og administrasjon er ein stor fordel
Personlige egenskaper
- Strukturert og tydeleg
- Inspirerande og trygg som person
- Fokus på helse, miljø og tryggleik
Om bedriften
A. Våge AS har meir enn 60 års erfaring med anleggsarbeid etter vi starta entreprenørverksemd på 1950-talet. Vi har base i Volda, men prosjekt langs heile kysten av Noreg.
Vi har sidan oppstarten teke på oss arbeid innan heile bygge- og anleggssektoren. I den seinare tid har vi spesialisert oss på kaikonstruksjonar i betong.