Ledige lærarstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.20 ID 656
Stillingsannonsen er inaktiv.Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
LÆRARSTILLINGAR ID 656
Tokke kommune har ledige lærarstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.20.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Skulane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande skule for alle, og ha eit godt skulemiljø med mange aktivitetar for elevane. Tokke deltek i statleg satsinga IBSM. Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling. Tokke kommune har to skular.
Tokke skule:
1-10 skule med 185 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale. På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings -- og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning. Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.
Tokke skule Åmdals-Verk
1-4 skule med 7 elevar og 1,6 årsverk.
Desse to skulane har felles rektor/administrasjon.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
Kunst og handverk,. Spesialpedagogikk, kroppsøving,engelsk og matematikk i ungdomsskulen, kompetanse og erfaring med undervisning i 1.-4. klasse, kontaktlærar med erfaring.
Oppmodar søkjerar med anna fagutdanning til også å søkje !
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Tone Lunde Skaalen, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97 17 14 06
Høydalsmo skule:
1-10 skule med 65 elevar og om lag 13 årsverk for pedagogisk personale. Skulen ligg i flotte omgivelsar og me brukar naturen aktivt i undervisninga. Me har uteskule på planen, har fast samarbeid med det lokale idrettslaget og har fokus både på skisport og orientering.
Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i:
Kontaktlærar, kompetanse og erfaring med undervisning i 1.-7. klasse, spesialpedagogikk, tysk, matematikk og naturfag.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Aslaug Helen T. Erikstad, e-post: aslaug.helene.erikstad@tokke.kommune.no eller mob.: 90 61 77 71
Vi tilbyr :
• Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
• Ein spanande og variert skulekvardag saman med flotte elevar og vaksne
• Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
• Eit godt arbeidsmiljø
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 5. mars 2020
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Adresse
Storvegen 60, 3880 Dalen
Hjemmeside
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen. Tokke kommune er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eit av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule som er kåra til ein av dei beste vidaregåande skulane i landet.
Om stillingen
Stillingstittel
Lærer
Antall stillinger
5
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 6. mars 2020
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: ae7c11ab-f608-4cc9-b8b0-1eac5a9826c0
Stillingsnummer: ae7c11ab-f608-4cc9-b8b0-1eac5a9826c0