Kokkestilling sommarjobb mai-september 2022
Vi har ledig ei stilling som kokk for perioden ca. 15. mai - ca. 15. september. Oppgåvene er hovudsakleg planlegging og tilbredning av middag til våre gjester. Vi søkjer etter ein person som har stor interesse for matlaging og er dyktig i sitt handverk. Det er viktig at du har godt humør og kan omgåast både kollegaer og gjester på ein god måte. Det er viktig at du kan engelsk og gjerne litt norsk. Det er viktig for oss å ha eit godt arbeidsmiljø. Hjelle Hotel ligg idyllisk til i eit populært turistområde. Det er ein fordel om ein har interesser innan naturaktivitetar (fjellturar, sykkel, fiske o.l.), - då er dette ein fantastisk plass. Vi ligg 27 km frå Stryn sentrum, så det er ein fordel om du har førarkort. Då er det mulig å kunne ta korte turar til besøksmål som Geiranger, Briksdal, Loen, Stryn sommerski med meir.
Om bedriften
Hjelle Hotel er ei romantisk hotel som ligg i Stryn Kommune. Hotellet er ope frå 1. mai til ca. 20. september. Vi har 28 rom og spisesal. Mange av våre gjester har halvpensjon, dvs at dei har middag og frukost. Vi serverer ein tre-retters meny med valg mellom kjøtt eller fisk som hovudrett. Vi ønskjer å ha ei god kvalitet på maten. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø, der ein har respekt for kvarandre og ønskjer å gjere ein god jobb.