Friskule med entreprenørskap som profil søkjer rektor pedagogar og assistent
Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet for 15 elevar på 1. -- 7. trinn. Oppstart hausten 2020 med atterhald om godkjend skulebygning og at ein har kvalifiserte lærarar. Skulen vil få statsstøtte og byggjer på godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ynskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling. Aldersblanda klasser der dynamikken mellom yngre og eldre elevar blir brukt som ein ressurs. Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke, om lag 35 km frå Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt-- ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 -- 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Fresvik er ein av innfallsportane til Nærøyfjorden Verdsarvområde. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i her.
Med atterhald om naudsynte godkjenningar søkjer vi etter rektor, lærarar og fagarbeidar til nyoppretta Fresvik EnSpire skule frå hausten 2020.
Rektor: 100% - stillinga er delt i 30 % leiing og 70% undervising -- frå 1. august
Pedagogar: inntil 180% - frå 1. august
Fagarbeidar/assistent : 60% stilling. Oppstart etter avtale.
Eventuelt andre stillingar
Stillingstype : Fast tilsetjing. Heiltid eller deltid.
Om stillingane
Vi ynskjer oss rektor, lærarar og fagarbeidarar som ser ressursane hjå den enkelte elev og har evne til å engasjera dei i meiningsfullt læringsarbeid.
Har du visjonar og lyst til å vera med på å skapa ein skule med utgangspunkt i vår læreplan, vil du få stor tillit og handlefridom til å gjera Fresvik EnSpire skule til ein god skule for alle.
Rektor sine hovudarbeidsoppgåver vil vera pedagogisk leiing, personalansvar, kompetanseutvikling og økonomisk/administrativt ansvar.
Krav til kompetanse
· Lærarar må ha godkjend undervisningskompetanse, tilsvarande krava i den offentlege skulen
· Fagarbeidar må ha fagbrev i barne- og ungdomsarbeid
· For rektorstillinga krevst pedagogisk kompetanse og naudsynte leiareigenskapar
Ynskjeleg kompetanse
· Didaktisk og pedagogisk kompetanse til å møta ulike elevar
· Evne til god klasseleiing og tydeleg leiarskap i læringsaktivitetar
· Fagleg dyktigheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
· Du er god på relasjonsbygging og samarbeid
· Du kan både jobba strukturert og ta utgangspunkt i elevane sine initiativ
· Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet i læringsarbeidet
· Du ynskjer å vera ein aktiv bidragsytar til utvikling av skulen.
Vi kan tilby:
· Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
· Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse
· Deltids- eller fulltidsstilling så langt det er mogleg
· Hjelp til å skaffa bustad om ynskjeleg
Vitnemål og attestar kan visast fram ved eventuelt intervju. Ny politiattest må leggjast fram før ein startar opp i stillinga. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Søkjarliste vil ikkje bli offentleggjort.
Søknadsfrist 23.mars 2020
Søknad med vedlagt CV vert å senda på epost til Fresvik EnSpire skule AS ved Bjørg Fritsvold, e-postadresse er styret@fresvik-enspire.no. Ta kontakt om du har spørsmål på epost eller på telefon 95848870. Du kan lesa meir om skulen på https://fresvik-enspire.no/.
Om bedriften
Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap
som profil. Skulen har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet for 15 elevar på
1. -- 7. trinn. Oppstart hausten 2020 med atterhald om godkjend skulebygning og at
ein har kvalifiserte lærarar. Skulen vil få statsstøtte og byggjer på godkjend læreplan
for EnSpire skular. Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke, om lag 35 km frå Vik sentrum.