Vikariat som politiadvokat - Vest politidistrikt - Felles eining for påtale - Seksjon Sogn og Fjordane
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for påtale, Seksjon Sogn og Fjordane, er det frå 1.5.2019 ledig eit vikariat som politiadvokat SKO 1245. Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som politifullmektig SKO 0288. Stillinga har stadsplassering i Florø, og ein må pårekne noko reiseverksemd.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Påtalemessig leiing av etterforsking, herunder kvalitetssikring og planmessig framdrift
- Utøve legalitetskontroll og sikre at kravene til rettstryggleik og objektivitet blir ivaretatt på alle trinn i sakshandsaminga
- Ansvar for påtalevurderinger og påtaleavgjerder i eigen saksportefølje, mellom anna vurdere og beslutte bruk av tvangsmidler
- Gjennomføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Jourtjeneste kan bli pålagt
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitenskap
- For politiadvokat krev ein minst 1 års erfaring innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommarfullmektig eller tilsvarande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming utgjer ein stor del
- God munnleg og skriftleg framføring
- God innsikt i politiet sine oppgåver og organisasjon er ein fordel
- Relevante kurs eller tilleggsutdanning er ein fordel
Utdanningsretning
- Juridiske fag
Utdanningsnivå
- høyskole/universitet
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Vere sjølvstendig med evne til å treffe avgjerder i hektiske og pressa situasjonar - stole på eigne evner, kunnskap og vurderingar
- Ansvarsbevisst og strukturert
- Mål- og resultatorientert - vere lojal mot avgjerder og uttalte prioriteringar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - med kollegaer innan alle profesjonar, og bidra til at påtale blir ein integrert del av etterforskingsmiljøet
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politiadvokat SKO 1245 i spennet frå kr. 555.000,- til kr. 600.000,- brutto per år, eller som politifullmektig SKO 0288 i spennet frå kr. 514.000,- til kr. 555.000,- brutto per år. Lønn er avhengig av kompetanse.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Ronny Iden, Seksjonsleiar, 57758880
Spørsmål om elekstronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Florø
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201901160
Vikar
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4014823903&company_id=3586297887&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.