Pedagogisk leiar, 2 x 100 % fast still, Barnebo barnehage
Stillingsannonsen er inaktiv.AUKRA KOMMUNE
Barnebo barnehage
Om eininga/avdelinga
Barnebo barnehage har 8 avdelingar fordelt på to hus, på Riksfjord og på Hukkelberget.
Vi tilbyr eit stort fagmiljø, kor utvikling av kvaliteten på det pedagogiske innhaldet har ein sentral plass. Vi er inspirert av
Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag.
Barnehagen skal ta inn fleire barn, og det vert difor lyst ut etter pedagogisk leiar for snarleg tiltreding.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har eit heilskapleg ansvar for planlegging, vurdering og dokumentasjon og dagleg omsorg for det
enkelte barnet.
Ansvar for utvikling av det sosiale miljøet og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa. Vidare har pedagogisk leiar
ansvar for samarbeid med barna sine foreldre og rettleiingsansvar for personalet.
I samarbeid med styrar vil pedagogisk leiar ha oppgåver knytt til arbeidet med å utvikle barnehagen som pedagogisk
verksemd, Barnebo som del av Aukra kommune som organisasjon og samarbeid med andre tenester.
Oppstart i stillinga så snart det let seg gjere.
Krav til søkar
Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig
pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Må kunne norsk godt munnleg. Kommunen har nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
AUKRA KOMMUNE
Adresse
Riksfjordvegen 189, 6480 Aukra
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 22. mai 2019
Hentet fra: Aukra kommune
Referanse: aukra.ror-ikt.no/recruitment/opening?0?592
Stillingsnummer: ad940315-dd35-4de9-8c51-8e4c793ea453