Sjukepleiar
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy ). Legevakta ligg sentralt i Knarvik i same bygg som legekontor, fysioterapi og helsestasjon. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Den interkommunale øyeblikkelig hjelp døgneininga(ØHD) er organisert under legevakta. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.
Ved Nordhordland legevakt er det ledig 50 - 80 % vikariat som sjukepleiar på natt, årsturnus med arbeid ca.kvar 3 helg.
Arbeidsoppgåver:
Legevakt, legevaktsentral, laboratorie og sengepost.
Kompetansekrav:
Autorisasjon som sjukeplaiar, og ønskjeleg med to års relevant erfaring.
Personlege eigenskapar:
-
Interesse for legevaktarbeid.
-
Samarbeidsevner med kollega og andre faggrupper.
-
Håndtere travle vakter.
-
Interesse i å utvikla seg fagleg.
Vi tilbyr:
NHLV kan tilby ein spennande og variert arbeidskvardag, tilsetjing i hht gjeldande lov - og avtaleverk, og eit godt kollegialt miljø. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Solfrid Aase, Mobil +47 48232185, Epost: solfrid.aase@helse-bergen.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.