Avdelingsleiar i Habiliteringstenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Alver kommune Habiliteringsteneste
5914 Isdalstø
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Habiliteringstenesta Presentasjon av stillingen :
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenester finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar for Ambulerande tenester. Arbeidsplassen er på Frekhaug. Ambulerande tenester gir tenester i form av råd, rettleiing, helsehjelp og praktisk hjelp i heimane til personar med nedsett funksjonsevne, avdelinga har også ansvar for støttekontakttenesta i Alver kommune.Som avdelingsleiar har du heilskapleg ansvar for fag, personal og økonomi, samt ansvar for drift og utvikling av avdelinga Avdelingsleiar deltar i leiargruppa for Habiliteringstenester saman med 9 andre avdelingleiarar og tenesteleiar, og vil vere med på å utforme, kvalitetssikre og vidareutvikle desse tenestene i Alver kommune.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene
- Sikre tenester av høg fagleg og etisk kvalitet i tråd med lover og reglar, basert på kunnskapsbasert praksis
- Arbeide med kontinuerleg forbetring og utvikling
- Oppfølging, ivaretaking og rettleiing av tenesteytarane
- Samarbeide med andre leiarar om utvikling av tenesteområdet
- Leggje til rette for godt samarbeid med andre tenesteområde og sektorar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre samarbeidspartar
Kompetanse
- Vernepleiar
- Leiarutdanning og/eller erfaring
- Kjennskap til turnusarbeid og turnusprogram
- Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
- Erfaring med IT som arbeidsverktøy
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskap vert vektlagt
- Til denne stillinga er det jf. helselova, krav om politiattest
Vi tilbyr
- Ein spanande jobb i ein ny organisasjon, i ein ny kommune
- Deltaking i arbeidet med å utforme og utvikle gode tenester til personar med utviklingshemming for framtida
- Eit arbeidsmiljø som legg vekt på trivsel og engasjement
- Tenestytarar med erfaring og høg kompetanse
- Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Bernt Fjordheim, Mobil +47 47461108, Epost: bernt.fjordheim@alver.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Alver kommune Habiliteringsteneste
Adresse
Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 20. august 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2550825dep194081_Alver kommune Habiliteringsteneste_stepstone
Stillingsnummer: ad842623-b4b2-4a06-9a04-78901acd376f