Avdelingsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4087415316 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Verksemda Psykisk helse og rus har to avdelingar i Nordre del av kommunen, disse innbefatter Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog. Dette er ei teneste med tilrettelagte boliger med bemanning, ambulante tenester, arbeid og aktiviseringstilbud. Avdelingsleiar rapporterer til verksemdsleiar.
Organisering av avdelingar er endå ikkje avklart. Verksemda skal ha ein gjennomgang av dette.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for dagleg drift og personalansvar.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar for Ålesund kommune.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med Ålesund kommune sine satsingsområde.
- Legge til rette for ein god dialog med brukarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i kommunen.
- Legge til rette for godt samarbeid, og skape aktive og motiverte tilsette.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor.
- Relevant leiarerfaring, gjerne frå rus og psykiatri.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
- Erfaring frå turnusarbeid er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysningsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Solveig Aarø, Kommunalsjef, 481 98 730
Arbeidsstad
Keiser Wilhelmsgate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087415316
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.