Årsvikariat som vikarprest/prestevikar i Ulstein sokn i Søre Sunnmøre prosti.
Org. nr: - Stillingsident: 4216747638 Presentasjon av stillingen:
Det vert ledig inntil 100% stilling som vikarprest/prestevikar i Søre Sunnmøre prosti, med Ulstein som særskild tenesteområde.
Søre Sunnmøre prosti er tenestedistrikt for vikarprest/prestevikar, medan Ulstein er særskild tenesteområde. Prestetenesta i Ulstein deler tenesteveker og nokre fellesstiltak med Hareid sokn.
Prestane i prostiet møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Prestane tek del i beredskapsordninga. Søre Sunnmøre prosti er eit godt, og eit kompetent kollegafellesskap også med mange yngre prestar.
Som prest i Ulstein får ein leve med ein spennande og mangfaldig kyrkjelyd med eit godt arbeid på tvers av alder og nasjonalitet. Ein får delta i eit variert gudstenesteliv med rom for mangfald frå det tradisjonelle til moderne utrykksformer. Kyrkjelyden verdset undervisning og preiker, og deltek aktivt ut frå ein rik song- og kulturtradisjon. Frivillige si deltaking i gudstenestene er godt innarbeida.
Ein vikar i Ulstein blir del av ein kreativ og kompetent stab der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre og frivillige medarbeidarar. Samhandlinga mellom Sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet. Kyrkja har godt samarbeid med ulike kristne lag og organisasjonar. Med landets største speidararbeid, med KRIK, Ten--Sing, Korklubb, Tween--Sing, Klubb og foreiningar, og Søndagskulen utgjer ilag med Trusopplæringa eit rikt arbeid for born og unge som veks opp her.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar.
- Anna kyrkjelydsarbeid
- Delta i beredskapsordninga
Kvalifikasjonar
- Medlemsskap i Den Norske Kyrkja
- Cand.theol
- Praktisk teologisk utdanning
- Søkjarar med anna relevant utdanning kan også bli vurdert til stillinga
- Tilsetjing skjer etter gjeldande regelverk, og politiattest (barneomsorgsattest) vil bli kravd før du tek til i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vilje til fleksibilitet
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagde
- Med heimel i arbeidsmiljølova §13-4.2. blir opplysningar om samlivsform innhenta og kan bli vektlagd
Vi tilbyr
- Stillinga vert lønna etter Hovudtariffavtalen.
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
- Godtgjering etter gjeldande regelverk.
- Jamlege fagsamlingar i prostiet.
- Hjelp til å finne bustad.
Kontaktinformasjon
Ingeborg Matre, Prost i Søre Sunnmøre, 948 06 965
Alice Elnes, Personalsjef, 95901091
Arbeidsstad
Sjøgata 61
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirke
Referansenr.:4216747638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2020
Om bedriften
Søre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Ørsta, Volda, Hareid, Herøy, Ulstein, Vanylven og Sande med til saman 20 sokn og ca 45.000 medlemer i Den norske kyrkja. Det er 15 prestestillingar i prostiet. Ulstein
Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune. Kommunen er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod, samt Sunnmøre Folkehøgskule og vidaregåande skule. Kommunen har stor folketalsvekst, og har eit innbyggartal på rundt 8200. Befolkninga er ung og i skulen er 38 nasjonalitetar representert.
Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det ligg føre teikning og planar om ei ny arbeidskyrkje.
Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet, og det er godt samarbeid med lag og organisasjonar. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.
Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan / 100%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), trusopplæringsmedarbeidar (100%), kyrkjetenar (35%), sekretær (80%) og b/u-arbeidar (35% ).I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden.
Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med Sokneråd og fellesråd, og godt arbeidsmiljø ved kontoret.
Vi søkjer etter ein engasjert prest som kan vere med å gjere visjonen vår "Ulstein kyrkje -- saman på ferda" verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein. Logoen med båten og grunnrisset av kyrkja viser at vi lever av og ved havet, der kyrkja i ulikt farvatn, gjennom fleire båtlag skal vere eit truverdig reisefylgje på livferda frå vogge til grav.
Vikaren kjem til eit område med fantastisk natur og gode tilhøve for alt frå surfing på Flø, til tindeklyving i Sunnmørsalpane, og til populære skianlegg. Det urbane er tilgjengeleg i bygdebyane og Ålesund, og det er kort veg til to flyplassar. Kommunen har full barnehagedekning og gode tilbod innan skule og fritidsaktivitetar. Kunst, kultur og musikklivet er rikt og mangfaldig med kulturhus, kyrkje og etablert kulturskule. Det meste innan sport har gode fasilitetar og miljø i alt frå friidrett, turn, handball til fotballklubben Hødd. Vi er til hjelp ved å formidle ønske om å leige bustad. Området rundt Ulsteinvik har også idylliske krinsar, og større bygdebyar som Volda, Fosnavåg mfl.