Forvaltingsjurist - ledig vikariat - Politiet, Møre og Romsdal pd
Vi har ledig eit spennande vikariat som forvaltingsjurist i Møre og Romsdal politidistrikt med varigheit til 01.03.2020.
Den rette kandidaten kan arbeide sjølvstendig i eit hektisk arbeidsmiljø med stort sakstilfang. Du er initativrik, effektiv og nøyaktig. Du har god evne til å prioritere mellom arbeidsoppgåver.
Forvaltingsjuristen vil arbeide tett med seksjonsleiar, øvrige medarbeidarar innan forvaltingsseksjonen og tilsette i heile politidistriktet. Stillingsinnehaver vil også ha kontakt med samarbeidande etatar og aktørar, til dømes Statens vegvesen, Mattilsynet og kommunane. Eksternt kan det vere aktuelt med foredrag og rettleiing. Noko av publikumskontakten vil foregå på andre språk, fortrinnsvis engelsk.
Felles eining for utlending, forvalting og sivil rettspleie består av Seksjon for grense- og utlendingskontroll, Seksjon for forvalting, Seksjon for utlendingsforvalting og Seksjon for sivil rettspleie. Stillinga er organisert ved Seksjon for forvalting. Seksjonen har åtte tilsette med variert bakgrunn, utdanning, erfaring og alder. Seksjonen har tilsette fordelt på tre lokasjonar: Ålesund, Fræna og Kristiansund. Denne stillinga er stedsplassert i Kristiansund.
Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden elektronisk. Original vitnemål skal takast med til intervju. Søknadsvedlegg verte ikkje sende i retur.
Arbeidsoppgåver
- Fatte vedtak og avgjerder innan forvalting
- Sakshandsaming av bekymringsmeldingar
- Bruke forvaltingssporets moglegheit til å førebygge kriminalitet og ulykker
- Rådgjevar for øvrige medarbeidarar ved seksjonen
- Opplæring, kvalitetssikring og oppfølging av fag og metode innan politidistriktets forvalting
- Legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring
- Sørge for å implementere god praksis og følge opp sentrale krav og føringar
- Utføre juridisk utgreiing innan fagområdet
- Skrive utgreiingar og høringsutsegn
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- Nødvendige kvalifikasjonar:
- Mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
- Erfaring frå offentlig forvalting og sakshandsaming
- God skriftleg og munnleg fremstillingsevne på norsk
- Beherske bruk av IT som arbeidsverktøy
- Ønskelege kvalifikasjonar:
- Utdanning/spesialkurs innan forvalting
- Erfaring frå arbeid innan forvalting er ein fordel
- Erfaring frå forvalting i politiet og forståing for forvaltingas rolle i samfunnet og politiet vil bli vektlagt
- God skriftleg og munnleg fremstillingsevne på engelsk er ein fordel
- Kjennskap til politiets IKT verktøy
Utdanningsretning
- Juridiske fag
Utdanningsnivå
- høyskole/universitet, mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Du er motivert for å arbeide innan forvalting og evner å tileigne deg ny kunnskap
- Du er sjølvstendig og initiativrik med god evne til å jobbe strukturert
- Du er avgjerdsfør, effektiv og nøyaktig
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og er serviceinnstilt
- Du kan bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Personlig egnetheit vektleggast
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiets framtid.
- Vikariat som seniorrådgjevar, stillingskode 1364, i Møre og Romsdal politidistrikt med varigheit til 01.03.2020.
- Løn frå kroner 530 000. Endeleg lønnsplassering er avhengig av kompetanse og kvalifikasjonar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK), med gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Trening i arbeidstida og tilgang på bedriftshelseteneste.
- Tilsetjing skjer på dei vilkår som er satt i statsansattelova og personalreglement.
- Det er krav om plettfri vandel og det er seks månaders prøvetid i stillinga.
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Marianne Nørgaard Aae, Driftseiningsleiar, 95938766
Arbeidsstad
Kristiansund N
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Møre og Romsdal pd
Ref. nr.:20190/0529
Stillingsbrøk: 100%
Engasjement, Vikar
Sluttdato: 01.03.2020
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 24.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4020443983&company_id=3586297921&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt har 266 000 innbyggjarar i 36 kommuner. Politidistriktet har om lag 550 medarbeidarar, i tillegg har distrikt årleg mellom 40-50 politistudentar i praksis frå Politihøgskulen. Møre og Romsdal politidistrikt skal som statleg arbeidsgjevar utnytte breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, bakgrunn, alder, kjønn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Til leiarstillingar oppmodar vi særskilt kvinner om å søkje.
Våre medarbeidarar kjenneteiknast av å være modig, heilskapsorientert, være tett på og syne respekt.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, noverande stilling og bustadkommune. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar ber om det. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Det er krav om plettfri vandel for alle tilsette i politiet. Før tilsetting må ein legge fram utvida og uttømande politiattest, jf politiregisterlova § 41 og politilova § 18.