Nasjonal ekspert i EU-kommisjonen
Jobbnorge ID: 165292
Arbeidsoppgåver
Den nasjonale eksperten vil assistere Europakommisjonen i arbeidet med å implementere og følge opp Kreativt Europa.
Arbeidsoppgåvene er for det meste kopla til delprogrammet MEDIA og delvis også til den delen av Kreativt Europa som gjeld fleire sektorar. Stillinga inneber kontakt og tilsyn med Europakommisjonens organ for gjennomføring av program innan kultur, audiovisuell sektor og utdanning (EACEA).
Kreativt Europa-programmet er foreslått vidareført i ein neste programperiode, 2021-2027. EUs institusjonar lagar i løpet av 2019 og 2020 struktur og innhald i det framtidige programmet, og den nasjonale eksperten vil også arbeide med denne programutviklinga.
Andre arbeidsoppgåver er å informere om Kreativt Europa og spreie informasjon og kunnskap om resultat av programmet og korleis desse resultata kan brukast. Ein del av arbeidet blir å utvikle og gjennomføre ein strategisk dialog med audiovisuelle interessentar gjennom European Film Forum.
Kvalifikasjonar
- Du må ha utdanning frå universitet (minst bachelorgrad).
- Du må ha minst tre års relevant arbeidserfaring (frå administrasjon, rådgiving, teknologi, forsking eller jus).
- Du må ha vore tilsett hos den noverande arbeidsgivaren din (Kulturdepartementet eller ein underliggande etat) samanhengande i minimum tolv månader fram til oppstart, og du må kunne halde fram i stillinga hos den noverande arbeidsgivaren i tida som nasjonal ekspert.
- Du må ha erfaring frå område som kulturpolitikk, kreative næringar eller digital teknologi.
- Du må ha erfaring frå arbeid med utvikling av politikk og program-/prosjektstyring.
- Du bør ha erfaring frå det audiovisuelle feltet (film, dokumentar, TV, spill).
- Kjennskap til digital innhaldsproduksjon og -formidling er ein fordel.
- Arbeidsspråket er engelsk, og du må beherske språket godt, både skriftleg og munnleg. Kompetanse i andre europeiske språk enn engelsk, spesielt fransk eller tysk, vil bli vektlagd.
- Internasjonal erfaring vil bli vektlagd. Det same vil kjennskap til og erfaring med og frå EUs institusjonar.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person
- med evne til å ta initiativ og å vise sjølvstendig gjennomføringskraft
- som er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- som kommuniserer og samarbeider godt
- som kan tilpasse seg ulike kulturar og kan skape kontakt mellom folk
Vi tilbyr
- Stillinga gir moglegheit til å jobbe i eit europeisk miljø og vil gi nyttig kjennskap til korleis EUs institusjonar fungerer, især Europakommisjonen.
- Vi tilbyr lønn etter lønnsregulativet i staten, med utgangspunkt i noverande lønn. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Norske styresmakter betaler lønn og tillegg, men det er Europakommisjonen som har instruksjonsmyndigheit over den som blir tilsett.
- Du får utanlandstillegg som for ambassadesekretær, jf. særavtalen for utanrikstenesta
- Kostnader til bustad ved tenestestaden vil bli dekte etter gjeldande praksis.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Kontraktsperioden er to år. Perioden kan bli forlenga.
Send søknad på engelsk til Kulturdepartementet, bruk lenka "Søk stilling" i høgre meny.
Europakommisjonen vil fastsette starttidspunkt for kontraktsperioden. Det er ønskeleg at perioden startar innan 1. juli 2019 eller så snart som mogleg.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetting på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil legge til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Offentleggjering Dei som søker, må vere merksame på at dei kan bli oppførte på offentleg søkarliste sjølv om dei ber om ikkje å bli det. Departementet vil svarepå krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Kontakt
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med underdirektør Lars Øyen på telefon 22 24 80 37 eller seniorrådgivar Ingveig Astad på mobil 908 30 517.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Nasjonale ekspertar er tenestemenn/-kvinner som er "utlånt" frå nasjonale forvaltningar til Europakommisjonen for ein avgrensa periode. Det er ledig eit engasjement som nasjonal ekspert i Europakommisjonen i Brussel, knytt til EU-programmet Kreativt Europa, delprogrammet MEDIA. Kreativt Europa er EUs støtteprogram i perioden 2014-2020 for kulturelle og kreative sektorer, inkludert audiovisuell sektor.
Programmet har som formål å fremme kulturelt og språkleg mangfald, fremme europeisk kulturarv og å styrke konkurranseevna til dei kulturelle og kreative sektorane i Europa. Programmet har to delprogram, KULTUR og MEDIA, og ein del som gjeld fleire sektorar. Delprogrammet MEDIA dekker audiovisuell sektor.
Stillinga er plassert i Generaldirektoratet for kommunikasjonsnett, innhald og teknologi (DG CONNECT - Directorate-General for Communications Networks, Content and Technology) i Seksjon I.3. Audiovisuell industri og media program (Unit I.3. Audiovisual Industry and Media Support Programmes). Seksjonen gir støtte til og fremmar europeiske audiovisuelle aktørar og sektorar, særleg gjennom delprogrammet MEDIA.
Tilsettinga som nasjonal ekspert skjer i samarbeid med Europakommisjonen. Eksperten vil administrativt høyre til Europakommisjonen, men blir formelt tilsett av Kulturdepartementet. Arbeidsstaden er Brussel.
I stillinga som nasjonal ekspert i Europakommisjonen får du spennande og givande arbeidsoppgåver, fagleg utvikling i samarbeid med kollegaer frå heile Europa og stor kontaktflate til europeisk audiovisuell sektor. Du får også høve til å oppleve Brussel, '"Europas hovudstad", ein levande og svært internasjonal by med eit særdeles rikt kulturtilbod.