Sommarvikarar innan helse og omsorg
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt sommarjobb i 2020?
Sommarvikarar innan helse og omsorg:
Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, heimehjelperar, assistentar. Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie- og omsorgssenter, tenester for funksjonshemma, legevakt, helsesenter, heimesjukepleia, heimehjelp, psykisk helse, Nestunet og Steinmoen bu- og servicesenter.
Hovudferieavviklinga vert frå veke 26 til og med 32 .Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. For sommarjobb på turnusarbeidsplassar er det arbeid annakvar helg. Sei frå om kva for veker du eventuelt ikkje kan jobbe.
Søkarar må vera fylt 18 år. For å vikariere i heimetenesta og i bustad for funksjonshemma, må søkarane ha sertifikat.
Det blir kravd helsefagleg utdanning for å arbeide i heimesjukepleie og legevaktteneste.
Generelt:
Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstjenestelova § 5-4. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når arbeidet tek til.
Vi tilbyr:
- Verdifull arbeidserfaring
- Spennende arbeidsoppgaver i godt arbeidsmiljø
- Relevant praksis
- Lønnskompensasjon for dokumenterte studieår
Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studieår. Satsane gjeld frå 1.7.2019, og vil bli oppdaterte:
- Etter 1. studieår: 321 500 kr i årsløn
- Etter 2. studieår: 341 500 kr i årsløn
- Etter 3. studieår: 361 500 kr i årsløn
I søknaden må du oppgje ditt telefonnummer og kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må prioriteringa di koma fram. Dersom der er andre viktig opplysningar du har til arbeidsgjevar er det viktig at det kjem fram i søknaden
Søk på stillingen ved å klikke på annonselenken.
Søknadsfrist 2.3.2020.