Rektor Gjernes skule
Er du vår nye rektor?
Voss kommune søkjer ein rektor i 100 % stilling som vil bidra aktivt til å utvikle skulen og kommunen sitt
tenestetilbod innan Vossaskulen. Tiltreding frå 1.8.2019.
Me søkjer etter kvalitetsbevisste vaksne som er opptekne av å skape gode, inkluderande og trygge skulemiljø, og ein skule der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag, og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
Om arbeidsstaden
Gjernes skule er ein fulldelt 1-7 barneskule. Skulen ligg i eit naturfint område om lag 1,5 km sør for Voss sentrum. Skulen har i år 135 elevar fordelt på 7 klassar og 23 tilsette. SFO har i år 45 born og 5 vaksne. Skulen har høgt kvalifiserte medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø for tilsette og elevar. Skulen jobbar aktivt med utviklingsarbeidet "Betre læringsmiljø".
Som skuleleiar i Voss kommune skal du:
- Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
- Fremje arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Vere serviceinstilt og oppteken av å skape gode tenester
- Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar
Arbeidsoppgåver
- Rektor har ansvar for pedagogisk leiing, økonomi, administrasjon og personalansvar ved skulen. Rektor rapporterer til skuleleiar
- Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing
- Bidra til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
- Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Leie og motivere dyktige tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling
- Forvalte skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
- Fylgje opp kommunale- og statlege føringar for grunnskuleopplæringa
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning og solid lærar-/leiarerfaring
- Du har eit moderne syn på læring og framtidsretta pedagogikk, har god innsikt i forsking på skuleleiing og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis
- Du har gode digitale ferdigheiter
- Rektorutdanning/leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Personlege eigenskapar
- Du er ein synleg leiar som kan stå fram og vise retning
- Du kommuniserer godt, skapar tillit og er i stand til å byggje gode kollektive lag
- Du er i stand til å byggje gode relasjonar med elevane og dei tilsette
- Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
- Du er modig, har god gjennomføringsevne og interesse for endringsarbeid
- Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- eit godt fagleg og sosialt miljø
- gode vilkår for fagleg utvikling
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.