Prosjekt- og byggeleiar, bygg og anlegg
Ynskjer du å få vere med å påverke, legge premissar og utvikle deg som prosjekt- og byggeleiar ?
Vi har no ledig ei spennande stilling som prosjektleiar, kor du vil bli gitt stort ansvar og få vere ein del av eit utviklande og breitt fagmiljø.
Vaksdal kommune skal i åra som kjem gjennomføre fleire nye utbyggingsprosjekt, både offentlege bygg og vatn- og avløpsanlegg. Det unike med å arbeide i ein mindre organisasjon, er at du vil få både breidde og variasjon i arbeidsoppgåvene. Ingen dagar er like, og du vil stadig stå overfor ny læring. Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit mindre team med prosjektleiarar, i eininga Samfunnsutvikling med medarbeidarar innanfor ei rekkje fag. Kontorstad vil vere på heradshuset på Dale.
Arbeidsstad
Dale
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiing og byggjeleiing
- Forvaltningsoppgåver
- Utvikle, planlegge og gjennomføre prosjekta innanfor definerte mål og rammer
- Ivareta byggherrerolla gjennom organisering og involvering av relevante partar, både eksterne og interne
- Styre og rapportere økonomi, status og framdrift i eigne prosjekt
- Risiko- og usikkerheitsstyring
- Bidra til kontinuerleg forbetring av interne prosessar og eit godt arbeidsmiljø
Kven er du
- Du har relevant høgare utdanning (minimum bachelor) og ynskjeleg minst fem års erfaring som
prosjektleiar og/eller byggeleiar frå bygge-/ anleggsbransjen, gjerne for offentleg byggherre eller entreprenør. - Du er fagleg engasjert, kvalitetsbevisst, framtidsretta og sjølvstendig. Kunnskap om prosjektøkonomi. Vi vil særleg
vektlegge personlege eigenskapar, evne til relasjonsbygging, proaktivitet, struktur og integritet. - Erfaring med BIM og LEAN i byggeprosjekt er positivt, gjerne også sertifisering som prosjektleiar f.eks. PRINCE2.
- Har du erfaring med innkjøp og kontraktstyring, er det og bra.
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Lønsvilkår
Etter avtale
Hos oss får du
- Høve til å arbeide i ein kommune med stort samfunnsansvar.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Fleksitid
- Konkurransedyktig pensjonsordning, samt gruppelivsforsikring.
- Løn etter avtale
Vi ynskjer deg velkomen som søkjar hos oss, og ser fram til å motta din søknad.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956/453 75 984
Om bedriften
Vaksdal kommune ligg i hjartet av Hordaland, sentralt mellom Bergen og Voss. Ferdsleårene Bergensbanen og stamvegen E16 går gjennom kommunen. Her kan du få glede av både by- og bygdekultur på same tid. Kommunen har eit særs rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv. Naturopplevingane er uendelege. Vaksdal er i stadig utvikling og forventar endringar i framtida knytt til ny utbygging av stamvegen mellom Oslo og Bergen.