ID 1781 Miljøarbeidar - Nordbygdo ungdomsskule.
Stillingsstorleik er omlag 60 %. Stillinga er i utgangspunktet mellombels men kan verta fast og kan også verta utvida. Nordbygdo ungdomsskule med sine om lag 200 elevar og 30 tilsette, er ein av tre ungdomsskular i Stord kommune. Skulen sitt fokusområde er å skapa ein inkluderande skule som hindrar utanforskap og bidreg til utvikling, læring og livsmeistring.
Me søkjer etter person med erfaring frå og interesse for psykisk helsearbeid. Fokuset på arbeid kring skulemiljø for å sikra eit trygt og godt skulemiljø vil verta vektlagd.
Arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av elevar med særskilte behov.
- Følga opp tiltak i samarbeid med lærar og andre støttefunksjonar
- Planlegga og gjennomføra aktivitetar på og utanfor skuleområde
- Samarbeid med føresette og i team
- Praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar:
- Vernepleier, barnevernspedagog, sosionom, fagbrev barne- og ungdomsarbeider, eller anna relevant utdanning eller erfaring.
- Erfaring med traumebevisst omsorg
- Trygg og robust vaksenperson i møte med elevar
- Ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
Eigenskapar:
- Fagleg engasjert
- Trygg, tydeleg, inkluderande, løysingsorientert, omsorgsfull og god
- relasjonskompetanse
- Fleksibel
- Evne til å stå i utfordrende situasjoner
- Jobbar like godt sjølvstendig som i team
- God fysisk og psykisk helse
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Nærare opplysningar hos rektor Pål Roseth, tlf 53 40 44 01 , mob., 489 90 908
Søknadsfrist: 01.12.2021