Sokneprest i Jæren prosti med Time sokn som tjenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4158059938 Presentasjon av stillingen:
Time sokn ynskjer ein sokneprest som kan formidle Jesus-begeistring til barn, unge og vaksne.
Stavanger bispedømmeråd søker etter ny sokneprest i 100% stilling i Time sokn, Jæren prosti.
Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Hå og Time. Time sokn ligg i sistnemnde kommune. Time kommune og Time fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med 3 sokn: Time, Undheim og Bryne.
Time kommune og nabokommunane har mykje vakker natur å by på. Time kommune har gode tilbod innan idrett, kulturskule, etc.
Time sokn har 4 forordna gudstenester pr. månad, 2 i Time kyrkje og 2 på Lye Forsamlingshus. Det blir brukt nynorsk liturgi.
Gudstenestene i Time kyrkje følgjer normal ordning for gudstenester i Den norske kyrkja, og har for tida ein noko høg gjennomsnittsalder. Trusopplæringsgudstenester har svært god oppslutnad.
Gudstenestene på Lye Forsamlingshus følgjer ein noko friare gudstenesteform med mykje deltaking av frivillige. Alle generasjonar er tydeleg representerte i gudstenestene her.
Det er ønskeleg at ny sokneprest skal vere med å styrka arbeidet begge gudstenestestader, slik at alle generasjonar er representerte. Særleg gjeld dette i Time kyrkje.
Kyrkjelydsutvikling, involvering og misjonal kyrkjelyd er kjerneomgrep for Time kyrkjelyd i sitt arbeid i åra framover.
Mange frivillige er knytt til gudstenestearbeidet, diakonien og trusopplæringa. I Time kyrkje er det løna stilling både som organist, kyrkjetenar og klokkar. I gudstenestene på Lye Forsamlingshus har soknepresten nokre gonger musikalsk tilsett med seg, men elles er det mange frivillige i oppgåvene.
Soknet har tilsette i fleire stillingar: dagleg leiar, organist, trusopplærar, ungdomsarbeidar, kyrkjetenar og klokkar. Diakon og kateket er felles for heile fellesrådområdet. Soknepresten har kontor på Time kyrkjekontor, Bryne, saman med medarbeidarane i Time, Undheim og Bryne sokn. Prosten i Jæren har også sitt kontor her, og er del av stabsfellesskapet.
Det er felles storsatsing for Time, Bryne og Undheim sokn gjennom det kyrkjelege ungdomsarbeidet <>, med tilsett Prosjektleiar i full stilling. Lye forsamlinghus har i tillegg tilsett eigen ungdomsarbeidar med ansvar for ungdomsarbeidet på Forsamlingshuset.
Time kyrkje er ei Linstow-kyrkje bygd i 1859. Det er eit kyrkjetorg i tilknyting til kyrkja. Kyrkjetorget vert mellom anna nytta til kyrkjekaffi, konfirmantarbeid, trusopplæring, sundagsskule o.a.
Lye forsamlinghus er eigd av Time sokneråd, Det norske misjonsselskap, KFUK/KFUM, Normisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband og Indremisjonsforbundet. Det er regelmessige møter i regi av misjonsorganisasjonane, ungdoms- og barnearbeid, strikkekafé, babysong o.a. For eit par år sidan blei det også starta eigen forsamling, INN-kyrkja (Indremisjonsforbundet, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband), som har samlingar dei sundagane det ikkje er gudsteneste i regi av Time sokn.
Time sokn søkjer ein sokneprest som har evner til kyrkjelydsutviklande arbeid. Soknepresten må trivast med å arbeide i
ein kyrkjelyd der frivillige er aktivt med å førebu og er sterkt involverte i gjennomføringa
av gudstenestene, og der ein saman søkjer etter nye måtar og nye former å
formidle evangeliet på.
Soknepresten er saman med kateket aktiv med i trusopplærings- og konfirmantarbeidet.
Soknepresten er medlem av Time sokneråd og distriktsutvalet for Den norske kyrkja sitt arbeid på Lye Forsamlingshus.
Meir info: www.time-kyrkja.no og www.lyeforsamlingshus.no
Arbeidsoppgaver
-
Ansvar for prestetenesta i soknet i samsvar med tenesteordning for prestar i Den norske kyrkja:
-
Saman med sokneråd og stab ha fokus på visjon og verdiar i kyrkjelyden. Soknepresten skal difor:
- Gi opplæring og formidle Jesus-begeistring til barn, unge og vaksne.
- Ha særleg fokus på familiar og trusopplæringa.
- Vidareutvikle gudstenestane og andre møtestader, slik at dei vert inspirerande og utrustande møter med Gud, og der nådegåvene vert elska fram.
- Vidareutvikle det frivillige engasjementet i soknet.
- Kunne bidra aktivt inn i kulturen soknet er prega av.
-
Saman med sokneprestane i Undheim og Bryne sokn og prosten i Jæren prosti, ha tenesteveker etter fast turnus innanfor Time kyrkjelege fellesrådsområde.
-
Vere med å ha andaktar på institusjonar.
-
Enkelttenester ved særskilte behov i heile Jæren prosti.
-
Delta i gjeldande bakvaktsordningar i Jæren prosti.
-
Delta i gjeldande beredskapsordning i Stavanger bispedømme..
Kvalifikasjoner
Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende.
Personlige egenskaper
- Ha gode samarbeidsevner i forhold til stab, sokneråd/distriktsutval og frivillige.
- Kunne ta initiativ, og arbeide målretta og sjølvstendig i eit godt samspel med andre, frivillige lag og organisasjonar.
- Ha vilje til og lika tverrfagleg samarbeid og teamarbeid med stab og frivillige.
- Ha evne og vilje til å formidle Jesus-begeistring for barn, unge og vaksne.
- Kunne engasjere, utfordre, utvikle og disippelgjere medarbeidarar.
- Beherske begge målføre.
Vi tilbyr
- Stillinga vert lønna etter gjeldande reglar i KAs lønnsregulativ.
- Vanlege godtgjersler etter gjeldande regulativ. Skyss- og telefongodtgjersle etter offentlege satsar. Pensjonsinnskot.
- Tilsettinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., samt avgjersler som kan påverka tenesta sine gjeremål og tenestedistrikt.
- Den som vert tilsett må ha førarkort og disponera bil.
- Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på dei særlege krava som blir stilt i utlysingsteksten. Søkjarane vert difor bedne om å utforma ein eigenpresentasjon i sin søknad, som svarar på dei utfordringane som kjem fram i utlysingsteksten.
- Målforma er nynorsk.
- Opplysningar om samlivsform vil kunna bli henta inn og vektlagt ved tilsetting jf. § 30 i likestillings- og diskrimineringslova.
- Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. Offentlighetsloven § 25, 2. ledd).
- Kvinner og yngre prestar vert oppmoda til å søka.
- Den som vert tilsett må legga fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
- Alle søkjarar må søkja elektronisk.
Kontaktinformasjon
Gunnar Rønnestad, assisterende stiftsdirektør, 90196389
Kjell Børge Tjemsland, prost, 51770373
Arbeidssted
Erlandsbakken 6
4349 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger bispedømmeråd
Referansenr.:4158059938
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Den norske kirke er et evangelisk luthersk kirkesamfunn. De fleste nordmenn (ca. 83 %) tilhører Den norske kirke, og mange uttrykker sitt religiøse liv gjennom Kirkens ritualer og høytider. Hvert år holdes 70000 gudstjenester i 1600 kirker i de 1285 menighetene.
Den norske kirke er delt inn i 11 bispedømmer, 105 prostier og 1285 sokn. Hvert bispedømme ledes av en biskop og et bispedømmeråd. På lokalplanet er det et menighetsråd for hvert sokn. Hvert fjerde år velger kirkens medlemmer nye menighetsråd med mellom 4 og 10 medlemmer.
Sentrale kirkelige funksjoner ivaretas av Kultur- og kirkedepartementet, Kirkemøtet, Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd og Bispemøtet.