ID 1867 Helsefagarbeidarar- Heimebaserte tenester
Heimebaserte tenester har ledige 3 stillingar i omsorgsteam. Du går inn i turnus med arbeid kvar tredje kvar helg.
Fylgjande stillingar er ledige:
- 65% stilling fast dag/kveld
- 18% stilling fast natt
- 84,51% stilling vikariat i eit år
Skriv i søknaden om du søkjer på alle eller berre nokre av stillingane.
Arbeidsplassen er i brukars heim med tilknyting til heimebaserte tenester.
Arbeids- og ansvarsområde:
Du vert del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord. Det er varierte arbeidsoppgåver gjennom dagen, du vil assistere i personleg pleie, måltidssituasjonar, sosiale aktivitetar, kommunikasjon og trening. Bruker har stor interesse for musikk og bruker mye tid på å trene, ofte i basseng. Du medverkar til eit godt klima for samarbeid og dokumenterer i fagsystem. Du er ansvarsfull, reflektert og påliteleg. Du utøver tenesta etter Stord Kommune sine visjonar, verdiar og handlingsprinsipp.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar, andre med relevant utdanning/praksis kan bli vurdert.
- Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.