Barne- og ungdomsarbeidar 80 %
Stillingsannonsen er inaktiv.Austevoll kommune Storebø skule
Uteflorsvegen 12, 5392 Storebø
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad Storebø skule
Ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar i skule og SFO. Ca. 80 % stilling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.
Kvalifikasjonar
Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk bakgrunn.
Det vert vektlagt erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov.
Personlege eigenskaper:
Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver.
Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne.
Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt.
Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø.
- Spanande utfordringar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "send søknad" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vibecke Storebø, Tlf: 55081325, Epost: vibecke.storebo@austevoll.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Austevoll kommune Storebø skule
Adresse
Uteflorsvegen 12, 5392 Storebø
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
16. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 14. april 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2670429dep177667_Austevoll kommune Storebø skule_stepstone
Stillingsnummer: ab8d0f48-1c91-4d2e-b02f-43e5da1ace26