Reinhaldar
Me søkjer:
Reinhaldar i 20% fast stilling, for tida ved Vikedal legekontor.
Stillinga er ledig frå 01.11.21.
Hovudarbeidsoppgåver
Reinhaldar har ansvar for dagleg reinhald - periodisk reinhald - golvpleie og hovudreinhald.
Andre opplysningar
Arbeidstid:
-1,5 time kvar dag, måndag-fredag.
- før eller etter legekontoret si opningstid.
Opplæring vert gitt.
Personlege eigenskapar
Være sjølvstendig, samarbeidsvillig og serviceinstilt.
Ha ordenssans og evne til å sjå både arbeidsoppgåver og gode løysingar.
Me kan tilby
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.