Rekrutteringsstilling helg
Org. nr: - Stillingsident: 4413390339 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer DEG som utdannar deg innan helse og omsorg. Held du på med relevant utdanning, kan du få god realkompetanse ved å søkje på rekrutteringsstillingar på helg i pleie og omsorg. Arbeidet er dagvakter og kveldsvakter i sjukeheim eller i heimetenesten. Det er mogleg å ta ekstravakter i vekene, feriar eller høgtider i tillegg til faste helgar.
Det er til ei kvar tid fleire ledige stillingar. Søknadar vil verte fortløpande vurdert.
Arbeidsoppgåver
Pleieassistent oppgåver og oppgåver tilpassa utdanningsløp.
Kvalifikasjonar
- er i eit utdanningsløp innan helse og omsorg
- erfaring frå liknande arbeid kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsmål
- må ha sertifikat klasse B for å arbeide i heimetenesten
Personlege eigenskapar
- likar å arbeide med menneske
- har lyst å samle praktisk erfaring under utdanning
- evner å samarbeide i team
- er strukturert og lærevillig
- er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale, Herøy kommune har eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
- pensjonsordning og frivilleg fritidsforsikring
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Avdelingsleiar, 90785178
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4413390339
Stillingsprosent: 15%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!