Sjukepleiar medisinsk sengepost 5
Org. nr: - Stillingsident: 4240359391 Presentasjon av stillingen:
Vi har ved medisinsk sengepost 5 ved Ålesund sjukehus ledig følgande faste stillingar som sjukepleiar:
- 3 x 100 % fast stilling med oppstart etter avtale. Dette er kombinasjonsstillingar der 70 % av stillinga er i ein fast turnus med arbeid kvar tredje helg, medan 30 % er fleksibel arbeidstid og inkluderar arbeid ei ekstra helg per 12 veker.
- 75 % fast stilling frå 17.08.20. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg.
- 75 % vikariat frå 17.08.20 - 31.08.21. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg.
Gjer vel å oppgi i søknaden kva for ei stilling du søkjer på. Ved interne rokkeringar kan andre stillingar verte ledige.
Medisin 5 er ein sengepost som per i dag består av 19 sengeplassar, fordelt mellom seksjon for slag, geriatri og ortogeriatri. Ortogeriatri er eit nyoppretta tilbod frå mai 2020, og målsetjinga er å gi eit godt, tverrfagleg tilbod også til denne pasientgruppa.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp som vedlegg til CV. Vi ynskjer at ein oppgir minimum to referansar.
Kvalifikasjonar
- Formelle kvalifikasjonar, offentleg godkjend sjukepleiar
- God norsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Initiativrik
- Pasientorientert
- Praktisk og fleksibel
- Evne til å samarbeide
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Kunne medverke til det gode arbeidsmiljøet
- Å vere eigna for stillinga blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit solid fagmiljø som vil bidra til di faglege utvikling
- Eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med fokus på nærværs- og trivselsarbeid
- Fleksiplan
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Synnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 70 10 59 00
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4240359391
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2020
Søknadsfrist: 28.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal