Sogn Lokalmedisinske senter - Sommarvikarar 2020
Sogn Lokalmedisinske senter (Sogn LMS) driftar legevakt og kommunale akutte døgnplassar (KAD) for tre kommunar og legevakt for seks kommunar i Indre Sogn. Sogn LMS er lokalisert ved Lærdal sjukehus og samarbeider tett med spesialisthelsetenesta. Senteret er organisert med omlag 13 årsverk fordelt på dei ulike funksjonsområda. Lærdal kommune er vertskommune og har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette. Kommuneoverlege- og psykologar er tilsett under senteret og er delt mellom tre kommunar.
Me har ledig:
Stillingar som ferievikar.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
- Autorisasjon som sjukepleiar eller legestudentar i 4. eller 5. studieår
- Erfaring frå legevakt eller anna relevant arbeid er ein fordel
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i eit hektisk arbeidsmiljø
- Løysingsorientert
- Erfaring med bruk av IT-utstyr
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Arbeidsoppgåver
-Mottak og hastegradsvurdering av pasientar på legevakt
-Rådgjeving og rettleiing på legevaktstelefon
-Bistå legevaktslege i undersøkingar og behandling
-Observasjon av pasientar
-Laboratoriearbeid
-Tverrfagleg samarbeid
Arbeidstid
Oppstart frå veke 26 til og med veke 33 i 2020
Søkjarane må binde seg til minimum fem veker samanhengane arbeid i denne perioden, men det er ynskjeleg med åtte veker.
Turnusen er tredelt med langvakter kvar fjerde helg. Det er ynskjeleg at alle søkjarar arbeider minimum to helgar i perioden. Alle som arbeider hjå oss må levere gyldig politiattest før arbeidet startar.
Me kan tilby
-Varierte og spennande arbeidsoppgåver med rullering av ulike funksjonar
-Eit godt, inkluderande og hyggjeleg arbeidsmiljø
-Grundig opplæring
-Moglegheit for vidare vikarstilling
Søkjarane må oppgje periode det er aktuelt å arbeide.
Lønnsvilkår
Lønn etter tariff
Send søknaden til
Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.